Hjem
Ansattsider
FORSKINGSSTØTTE

Tilset leiar for Brusselkontoret

Kristof Vlaeminck skal leia UiB sitt kontor i EU-hovudstaden. Han vil gå aktivt inn for at fleire UiB-forskarar skal vinne fram i kampen om EU-midlar.

Brussel, illustrasjonsbilete
UiB TILSET KONTAKT I BRUSSEL: Kristof Vlaeminck er tilsett som leiar for UiB sitt kontor i Brussel. Han skal bidra med råd til universitetsleiinga om den forskingspolitiske utviklinga i EU.
Foto/ill.:
Colourbox

– Horisont 2020 kan vera overveldande å få oversikt over, men ei av mine hovudoppgåver vil vere å gi praktisk hjelp til forskarar i søknadsprosessen om EU-midler, seier Kristof Vlaeminck.

UiB opna kontor i Brussel hausten 2015. Kontoret skal auka universitetet sitt engasjement og nærvær i Brussel, og vera ein konkret hjelp for UiB sine forskarar som vil byggja nettverk.

No har Kristof Vlaeminck underskrive kontrakt og tiltrer som leiar for kontoret i byrjinga av mai.

Vlaeminck fortel at han viktigaste bidrag vil vera å informera UiB-forskarar om dei store moglegheitene som ligg i Horisont 2020, EU sitt største forskingsprogram nokonsinne.

Vil skapa kontakt

Vlaeminck har eit stort nettverk innan både EU-systemet og forskingsmiljø.

– Ei anna oppgåve vil vere å setje forskarar frå UiB i kontakt med partnerar, og leggje grunnlaget for gode og spannande prosjekt.

I tillegg til drift skal han bidra med råd til universitetsleiinga om den forskingspolitiske utviklinga i EU.

Nettverk viktig

Rektor Dag Rune Olsen seier det har vore viktig for UiB å få på plass ein person med stort nettverk innan forsking og som kjenner EU-systemet godt.

– Når Vlaeminck etter kvart blir godt kjent med UiB som organisasjon vil vi få ein kontaktperson i Brussel som vil bli ein viktig bidragsytar til at fleire EU-kroner finn vegen til Bergen, seier rektor Dag Rune Olsen. 

Vlameinck har erfaring frå både forsking og forskingsstøtte, og er for tida National Contact Point for FP7 og Horisont 2020 samt belgisk delegat til Horisont 2020 sin programkomité for fagområdet Secure Societies.

Løyser samfunnsutfordringar

Forsking på klima og energiomstilling, marin forskning og forskning på globale samfunnsutfordringar er Universitetet i Bergen sine tre satsingsområde. Forsking for å løyse samfunnsutfordringar er eitt av Horisont 2020 sine tre hovudsatsingar.

Vlaeminck trur at UiB sine satsingområde passar godt med måla i Horisont 2020.

– Samstundes er det eit program som er opent for svært mange typar samarbeid, gjerne på tvers av disiplinar. Då kan det vere greitt om forskarane får hjelp med å finna fram til samarbeidspartnerar, noko eg kan bistå med, seier han.

Vil verte kjent med UiB

I juni kjem Vlaeminck til Bergen for å verte betre kjent med universitetet.

– Det vert ikkje mitt siste besøk på UiB. Eg håpar at eg kan verte eit kjent andlet på universitetet, og vil at forskarar skal kunne ta kontakt med meg for hjelp. Dette vert spanande. Eg trur vi kan oppnå gode resultat saman, seier han.

Kontoret i Brussel er eit samarbeid mellom UiB, NTNU og SINTEF, i første omgang som eit treårig prosjekt.

Statistikk frå Forskningsrådet viser at Universitetet i Bergen har størst gjennomslag på søknader til Horisont 2020 i Norge. UiB har henta mest pengar per forskarårsverk av alle norske forskingsinstitusjonar.

Horisont 2020 er EU sitt åttande rammeprogram, og det største programmet i verda for innovasjon og forsking.