Hjem

Institutt for fremmedspråk

Sending og mottak av pakkar

Universitetet blir stadig pålagt ekstrakostnader for pakkesendingar som har feil adresse.  For innkomande pakker som er adresserte til gateadresse, vil pakken måtte hentast på næraste ”post i butikk”.  Dersom pakker med gateadresse skal utleverast til transportavdelinga, blir det kravd eit gebyr på kr 100, og i tillegg blir pakken forseinka med om lag ei veke.  For utgåande pakker som er feiladresserte og kjem i retur, vil gebyr vera på kr 485,-.

 

Det er difor viktig at alle som sender pakkar og/eller gjev opp adresse/returadresse til kontaktar utanfor institusjonen, nyttar postboksadresse.  Korrekt postboksadresse for pakkar er:

 

Universitetet i Bergen

(Institutt/mottakars namn)

Postboks 7800

5020 BERGEN 

 

Dersom feiladresseringa held fram, ser transportavdelinga seg nøydd til å vurdera om eininga eller enkeltpersonar sjølv må henta pakkane i ”post i butikk”.

 

Post

Posten blir lagt ut i posthyllene på rom 328 til dei som har kontor i tredje høgda av HF-bygget, og i posthyllene på rom 242 til dei som har kontor i andre høgda. Utgåande post skal leggjast i hyllene for intern og eksternpost på rom 328/242