Hjem

Institutt for fremmedspråk

Både faga og det tilrettelagte studieprogrammet skal ha eksterne programsensorarar (tilsynssensorar), som skal vurdera undervisninga. Fagkoordinator/fagleg ansvarleg tek initiativ til å få oppnemnt programsensor for sitt fag/program. Den administrative oppfølginga av programsensorordninga ved instituttet er skissert i eigne retningsliner, sjå under.

 

1. Ansvar og roller ved instituttet

UNDERVISNINGSKOORDINATOR ved instituttet godkjenner programsensorar som skal nemnast opp. Undervisningsleiar skal òg leggja rapportane fram for UUI, og STUDIELEIAR sender dei vidare til fakultetet og rapporterer inn resultata i Studiekvalitetsbasen.

FAGKOORDINATOR skal delta i rekrutteringa av nye programsensorar, utforminga av dei konkrete arbeidsoppgåvene, og halda kontakt med programsensorane på sitt fag om faglege spørsmål. Fagkoordinator bør rådføra seg med studiekonsulenten på faget i planlegginga av dei konkrete arbeidsoppgåvene som programsensor skal ha.

ADMINISTRASJONSKONSULENTEN følgjer opp programsensorane administrativt frå a til å. I dette ligg det å minna fagkoordinatorane om å rekruttera nye programsensorar, senda ut arbeidskontraktar og informasjon til programsensorane, arkivera kontraktane, ta imot og fordela vidare rapportar frå programsensorane, arkivera rapportane og syta for at sensorane får utbetalt honorar i tråd med avtalen.

 

2. Programsensorar på alle fag

Det skal nemnast opp programsensorar som fører tilsyn med alle fag ved instituttet. Kvart fag skal ha ein, eller maksimalt to, programsensorar. To programsensorar kan vera aktuelt på større fag der det trengst disiplinvise sensorar, t.d. ein for språkdelen og ein for litteraturdelen av faget.

 

3. Rekruttering, oppnemning, programsensoravtale og sensormappe

Fagkoordinator har ansvaret for å koma med framlegg til programsensor, etter først å ha rådført seg med lærarmøtet på faget. Undervisningskoordinator ved IF godkjenner valet av programsensor. Deretter blir saka følgd opp slik:

A. Administrasjonskonsulenten skriv brev til fakultetet og bed dei nemna opp den nye programsensoren. Brevet vert godkjent av studieleiar i ePhorte og sendt over til fakultetet.

B. Fakultetet sender oppnemningsbrev til programsensoren, og instituttet får kopi av

brevet i ePhorte.

C. Administrasjonssjefen fordeler oppnemningsbrevet frå fakultetet til

administrasjonskonsulenten i ePhorte. Administrasjonskonsulenten sender

programsensoravtale og sensormappe til programsensoren, og legg inn kopi av avtalen til fakultetet i ePhorte. Programsensoravtalen skal m.a. innehalda ei liste over dei konkrete arbeidsoppgåvene instituttet forventar sensoren skal gjera. Fagkoordinator for faget set opp denne lista over arbeidsoppgåver (sjå pkt. 4 nedanfor), og dette bør gjerast i samråd med studiekonsulenten.

D. Administrasjonskonsulenten held oversyn over kven som er programsensorar på dei ulike faga, og når periodane deira går ut. Ho varslar fagkoordinator om at det må rekrutterast ny programsensor minst eit semester før sensorperioden er over.

 

4. Innhaldet i programsensoravtalane (arbeidsoppgåver, periode, tidsbruk, betaling, rapportar)

A. Programsensoravtalen skal spesifisera arbeidsoppgåvene sensoren skal utføra, t.d. gjennomgang av studieplanar, gjennomlesing av studentevalueringar, deltaking i evalueringsmøte og møte med programstyret. Det bør spesifiserast kva for emne som skal evaluerast, og det bør setjast opp ein tidsplan for arbeidet gjennom heile perioden.

B. Programsensor blir normalt engasjert for ein periode på fire år.

C. Programsensoravtalen skal òg opplysa om løn og forventa tidsbruk:

1. BA+MA med disiplinvise sensorar (engelsk, fransk, spansk, tysk): kr. 15 000 (inkl.

feriepengar) per sensor per år, som svarar til om lag 50 arbeidstimar årleg.

2. BA+MA (arabisk, italiensk, russisk) og BA  (japansk, kinesisk, SPIK): kr 20 000 (inkl.

feriepengar) per år, som svarar til om lag 65 arbeidstimar årleg.

D. Arbeidet skal munna ut i at programsensor leverer ein rapport kvart år. Rapporten skal drøfta og vurdera opplegg og undervisning, og eventuelt gjera framlegg om tiltak. Rapporten skal alltid sendast frå programsensor til instituttet på adressa: post@if.uib.no. Rapporten skal fordelast til administrasjonskonsulenten, som sender han vidare til fagkoordinator og studiekonsulent for faget og til studieleiar og undervisningskoordinator ved instituttet.

E. Honorara til programsensor blir betalt ut årleg, men først etter at sensoren har sendt inn rapport. Administrasjonskonsulenten ordnar då med at det blir betalt ut honorar, og at programsensorane får dekkja eventuelle reiserekningar. Instituttet dekkjer nødvendige reiseutgifter for sensorane til éi årleg vitjing ved IF for å møta studentane og faget (og t.d. delta i evalueringsmøte og programstyremøte). Det er vanleg at programsensorar gjer éi slik reise til UiB årleg.

 

5. Programsensorperioden (reiser, informasjon, oppfølging)

A. Når programsensor treng å besøka UiB for å møta fagpersonale, studentar o.a., er det normalt midlar til ei årleg reise for sensor.

B. Fagkoordinator har ansvaret for å senda programsensor nødvendig bakgrunnsinformasjon kvart år (t.d. studieplanar, emneomtalar, eksamen, karakterstatistikk, emneevaluering). Studiekonsulenten assisterer fagkoordinator etter behov i dette arbeidet.

C. I slutten av vårsemesteret sender administrasjonskonsulenten ut påminning til fagkoordinatorane om dei rapportane som så langt ikkje har kome inn. Fagkoordinator har ansvaret for å kontakta og purra på programsensor der det trengst.

D. Dersom ein programsensor ikkje er aktiv, skal administrasjonskonsulenten melda frå til fagkoordinator. Då er det fagkoordinator sitt ansvar å kontakta programsensor for å finna ut kvifor arbeidet har stoppa opp og eventuelt få i gang aktiviteten igjen. Dersom dette ikkje let seg gjera, blir avtalen avslutta, og administrasjonskonsulenten melder frå termineringa til den oppnemnde programsensoren og til fakultetet (ePhorte).

 

6. Oppfølginga av programsensorrapportane

 A. Fagkoordinator legg fram programsensorrapporten for programstyret. Programstyret handsamar rapporten og drøfter kva for endringar og tiltak som eventuelt trengst. Fagkoordinator skriv eit kort notat om resultatet av handsaminga i programstyret og sender notatet til undervisningskoordinator og studieleiar ved instituttet. Fagkoordinator har ansvaret for å følgja opp eventuelle faglege og administrative endringar i kjølvatnet av programsensorrapportane.

B. Programsensorrapporten og notatet frå fagkoordinator vert lagt fram til orientering i Utvalet for undervisning og internasjonalisering (UUI) ved instituttet.

C. Studieleiar sender programsensorrapporten og notatet frå fagkoordinator til fakultetet og rapporterer inn i Studiekvalitetsbasen ved UiB (kvalitetsbasen.uib.no).