Hjem

Institutt for fremmedspråk

Representasjon (sjå òg Bevertning)

Representasjon (middag o.l.) dekka av instituttet

Tilsette kan i særlege tilfelle ta med gjester ut til middag. I så fall må to vilkår vera oppfylte: 1) at det er eksterne gjester til stades og 2) at utgifta er klarert med instituttet ved administrsjonssjef (send ein e-post).

Maksimumssatsen for kostnader pr person ved ein representasjonsmiddag er 1287 kroner pr. januar 2018. Instituttet dekkjer ikkje ein så høg sum og forventar at utgiftene ligg klart lågare enn maksimumssatsen. Det er ikkje lov å gje tips (driks) for statens rekning ved representasjon i Noreg. Gjev ein tips, må ein betala dette sjølv. I enkelte land, der driks er ein del av den løna til arbeidstakaren, kan likevel arbeidsgjevar dekkja slike utgifter innanfor rimelege grenser.

Utgifter til representasjon skal dokumenterast med deltakarliste.

Det blir elles vist til dei felles retningslinene for tilsette i staten, slik det går fram av Statens personalhandbok (10.11.3), og til interne retningsliner ved UiB (ePhorte 2016/11564). 

Representasjon gjeld berre når ein har med eksterne gjester ut til middag, lunsj el.l. Ved interne arrangement gjeld andre reglar, sjå "Bevertning".