Hjem

Institutt for fremmedspråk

Sidegjeremål - søknad og registering

Universitetsstyret har vedteke prinsipp for sidegjeremål. Det blir sett på som både ønskjeleg og legitimt med slike gjeremål utanom stillinga ved UiB. Men sidegjeremål skal ikkje hemma eller seinka ordinært universitetsarbeid. Dessutan skal det haldast ei open line om slike gjeremål, så det ikkje blir tvil om sjølvstendet til dei tilsette eller om den akademiske fridomen.

Retningslinene for sidegjeremål ligg på tilsettsidene ved Universitetet i Bergen. Her er det gjort greie for kva for verv og aktivitetar som krev søknad, kva som berre er registreringspliktig og kva som heller ikkje skal registrerast. Den enkelte har sjølv ansvaret for å registrera og også søkja om sidegjeremål der retningslinene ved UiB krev dette. Søknader skal registrerast i PagaWeb.
Ta kontakt med administrasjonskonsulenten eller administrasjonssjefen ved instituttet dersom du har spørsmål om sidegjeremål.

Retningslinene for sidegjeremål gjeld for tilsette i alle stillingskategoriar og –brøkar.