Hjem
Institutt for fremmedspråk

Val ved instituttet

Valstyret skal sjå til at alle vala ved instituttet blir gjennomførte i tide og på riktig vis.

Valstyret organiserer vala av representantar for dei ulike gruppene til instituttrådet, val av verneombod ved instituttet og dessutan valet av den eine representanten frå gruppe A som skal veljast til forskingsutvalet ved instituttet. I tillegg har valstyret ansvaret for val av instituttrepresentant til fakultetsstyret.