Hjem

Institutt for fremmedspråk

Støtte gjennom såkalla smådriftsmidlar har dei siste åra vore ei viktig finansieringskjelde for forskingstiltak ved instituttet. Støtta blir gitt av fakultetet. Søknader skal sendast til instituttet ved forskingskonsulent Jan A. Johansen innan fristen. Søknadsfristen for tildeling i 2019 er 1. desember 2018. Søknaden må innehalda ei grunngjeving og eit enkelt budsjett. Instituttet rangerer søknadene og sender dei vidare til fakultetet, som avgjer den endelege tildelinga.

Kvar søknad kan tildelast mellom 15.000 og 150.000 kroner, og det er gitt støtte til konferansar, forskingsopphald, publikasjonar, vitskapleg assistanse o.a.

Desse midlane kan disponerast til eit vidt spekter av forskingsføremål, og følgjande kriterium gjeld og er felles for heile fakultetet:

 "- Det forutsettes at midlene går til gode enkeltforskere eller forskergrupper som ikke har store driftsmidler allerede

- Størrelsen for hver tildeling settes til mellom 15.000 -150.000 kr

- Bevilgningene skal være ettårige og må benyttes innenfor budsjettåret

- Mottakere av støtte må være aktive forskere i fast vitenskapelig stilling"