Hjem
Institutt for fremmedspråk

Instituttstøtte til forsking og publisering

Institutt for framandspråk har følgjande ordningar for økonomisk støtte frå eige budsjett til forsking og publisering.
 

  • BOKPENGAR: Kvar fast vitskapleg tilsett får 3000 kroner årleg i individuelle bok- og driftsmidlar. Pengane blir lagde inn på analysenummeret til den enkelte og kan brukast til bøker og andre utlegg til forskingsføremål. Ubrukte bokmidlar blir ikkje overførte til neste år. Bøker som skal brukast til undervisninga, blir dekka av fellesmidlane ved instituttet. Slike innkjøp må merkast med "undervisning". Bokkjøp som ikkje er merka med "undervisning", blir i utgangspunktet belasta analysenummeret til den enkelte (dvs. bokpengane). Kontakt administrasjonssjef Arve Kjell Uthaug dersom du har spørsmål om ordninga.
  • FORSKINGS- OG PUBLISERINGSSTØTTE ETTER SØKNAD: Første søknadsfristen for 2019 er 1. desember i 2018. Neste søknadsfrist er 1. april, etter at tildelingane frå Meltzerfondet og Universitetsfondet er kunngjorde. Dersom instituttøkonomien opnar for det, vert det ein tredje søknadsfrist 1. september 2019. I vurderinga av søknader vert det lagt vekt på kvaliteten og relevansen av prosjektet. Kontakt forskingskonsulent Jan A. Johansen eller administrasjonssjef Arve Kjell Uthaug dersom du har spørsmål om ordninga. Fast tilsette vert prioritert, men mellomebls tilsette og pensjonistar kan òg søkja. Søknader skal sendast til forskingskonsulent Jan A. Johansen med e-post. Søknaden må innehalda ein kort omtale av føremålet og eit enkelt budsjett. Når søknaden gjeld publiseringsstøtte, må søkjaren opplysa om publikasjonen vil gje utteljing i publiseringspoeng, og om desse er på nivå 1 eller 2.  Blir det søkt støtte til bokutgjeving, må det leggjast ved avtale med forlaget, eller eventuelt brev frå forlaget, med opplysningar om budsjett og planlagt utgjevingstidspunkt.