Hjem

Institutt for fremmedspråk

Betaling av ekstra sensur og undervising

Universitetet har utarbeidd retningsliner for "betaling av ekstra sensur og undervisning" (31.8.2011). Hovedregelen er at vi ikkje kan betala nokon ut over full stilling.

Kort oppsummert for ulike stillingsgrupper:
 

  • Vitskapleg tilsette i faste, fulle stillingar kan ikkje betalast ut over 100 prosent stilling.
  • Vitskapleg tilsette i deltidsstillingar kan få avtale om mellombels tilleggsengasjement. Dette engasjementet saman med den faste stillinga må til saman ikkje utgjera meir enn 100 prosent stilling.
  • Vitskapleg tilsette i II-stillingar kan ikkje betalast ut over 20 prosent stilling.
  • Stipendiatar og postdoktorar skal ikkje påleggjast eksstraarbeid ut over pliktarbeidsdelen av stillinga.


Ein meir detaljert gjennomgang får ein ved å lesa retningslinene.

Det gjeld særlege reglar for vidareutdanning og for pålagt overtid.