Hjem

Institutt for fremmedspråk

Mellombels tilsette lærarar

Lovheimel

Ønske om å hyra inn timelærarar, vikarar og andre mellombels tilsette i undervisninga må først leggjast fram for fagkoordinatoren. Dersom det blir aktuelt med engasjement, skal dette handterast av fagkoordinator og administrasjonssjef, eventuelt i samråd med instituttleiar.

Lovverket for bruk av mellombels tilsette er strengt. I undervisningssamanheng kan vi derfor berre rekna med å ha lovheimel for følgjande:

  • Vikar for ein namngitt person (forskingstermin, sjukdom, frikjøp, visse arbeidskrevjande verv)
  • Noverande eller nyleg avslutta masterstudent hyrt inn som vitskapleg assistent (krev eit opplegg for opplæring/oppfølging)
  • Undervisning på etter- og vidareutdanning som er eksternfinansiert (t.d. gjennom studentbetaling) og dermed tidsavgrensa ut frå finansieringa
  • Utprøving av nye opplegg som ikkje er ein del av det ordinære tilbodet
  • Engasjement i tjue prosent i inntil fem år av person med spesialkompetanse (”toarstilling”)
  • Pliktarbeid for stipendiatar

Dersom ikkje minst eitt av kriteria ovanfor er oppfylt, kan vi i regelen ikkje nytta mellombels tilsetjing for å dekke undervisningsbehov. Ta kontakt med administrasjonssjef Arve Kjell Uthaug dersom du har spørsmål.

 

Lønsplassering

1. Mellombels tilsette lærarar vert løna etter formell kompetanse:
Lærarar som har doktorgrad, får løn som førsteamanuensis eller professor.
Lærarar som har mastergrad, får løn som universitetslektor.
Lærarar som har bachelorgrad, får løn som vitskapleg assistent i stillingskode 1019. Her brukar vi det høgaste lønssteget innanfor denne stillingskoden.
Lærarar som ikkje har bachelorgrad, får løn som vitskapleg assistent i stillingskode 1018. Løna er sett ut frå lønsramme 02, og vi legg til grunn høgaste lønssteg i alternativ 8. 

2. Dei som får løn som professor, førsteamanuensis eller vitskapleg assistent, er direkte innplasserte i eit fast lønssteg. Universitetslektorar får derimot opprykk etter tilkjend ansiennitet. Fakultetet ved Personal- og økonomiseksjonen har ansvaret for å rekna ut ansienniteten, og dokumenterte søknader om ansiennitetsjustering kan sendast fakultetet.

 

Tilsetjingsperiode

Instituttet har kvart semester mellombels tilsette lærarar i undervisninga. Etter å ha lagt spørsmålet om tilsetjingsperiode fram for fakultetet, vil instituttet frå og med våren 2011 følgja denne praksisen:

Mellombels tilsette lærarar i deltidsengasjement vert tilsette i den perioden dei faktisk har undervisning. På grunn av førebuingsarbeidet er det likevel rimeleg at tilsetjingsdatoen blir sett litt før sjølve undervisninga byrjar. Dersom eksamensarbeid er inkludert i arbeidsavtalen, vil arbeidsavtalen bli forlenga til fram til avslutninga av undervisningssemesteret.  Dette vil bli praktisert likt for alle deltidsengasjement anten engasjementet er stort eller lite.

Hovudregelen er altså at lærarane blir tilsette i den perioden dei faktisk har undervisning, men det vert lagt til ein kort periode til førebuing, slik at oppstart er éi veke før første undervisningsdag. Arbeidsavtalen vert avslutta siste faktiske undervisningsdag.
Dersom avtalen inkluderer eksamensarbeid, blir undervisningsdagen sett til slutten av undervisningssemesteret (15. juni om våren, 20. desember om hausten).

Datoane over gjeld når undervisninga går på langs gjennom heile undervisningssemesteret. Når lærarar blir henta inn til meir konsentrert undervisning i kortare periodar, vert tilsetjingsperioden tilsvarande kortare. Eit anna unntak frå hovudregelen over er når instituttet hyrer inn vikar el.l. i full stilling. Av og til kan det bli aktuelt å tilsetja ein lærar mellombels i full stilling, og då kan det vera aktuelt å tilsetja i seks månader om gongen (1. januar-30. juni eller 1. juli-31. desember).