Hjem
Institutt for fremmedspråk

Kven svarar på kva i høve stipendiatar?

Utgangspunktet er sjølvsagt at ein er fri til å ta opp spørsmål med dei ein sjølv finn det naturleg å kontakta. Lista nedanfor er ikkje meint som ei avgrensing av dette, men som ei hjelp til enklast mogleg å finna fram til dei personane som arbeider med det feltet stipendiaten ønskjer informasjon om:

FORSKARUTDANNING, PLIKTARBEID, FORSKARSKULAR, DISPUTAS: Forskingskonsulent Jan A. Johansen hjelper med spørsmål om forskarutdanning, pliktarbeid, forskarskular, disputas og prøveforelesing, trykking av avhandlinga, støtte til "doktormiddag", søknad om midlar.

RETTLEIING: Forskingskoordinator Randi Koppen er rette vedkomande dersom du vil ta opp saker som gjeld samarbeidet med rettleiar, byte av rettleiar, engasjement av siderettleiar og liknande.

PERSONAL, REISEREKNINGAR: Administrasjonskonsulent Victoria Jensen hjelper med spørsmål om personalfeltet (m.a. sjukefråvær, permisjonar, ferie, hms, tilrettelegging av arbeidsplass) og spørsmål om reiserekningar, forskot og løn.

ØKONOMI, DRIFTSMIDLAR: Administrasjonssjef Arve Kjell Uthaug svarar på spørsmål om økonomi, bruken av driftsmidlar o.l.