Hjem

Institutt for fremmedspråk

Reiserekning - kompensasjonstillegg

Tillegget blir berre gitt ved tenestereiser til utlandet som er pålagde og/eller godkjende av arbeidsgjevar. Kompensasjonstillegget er i 2017 på 491 kroner pr. døgn.

Det er likevel tildelinga som set rammene for kva ein får utbetalt. Dersom tildelinga til t.d. ein vitskapleg konferanse ikkje er tilstrekkeleg til å dekkja kompensasjonstillegget, får ein heller ikkje utbetalt dette tillegget.

Kompensasjonstillegget er skattepliktig. Kompensasjonstillegget fører òg til at det må betalast sosiale kostnader og eventuelt overhead, og ved utbetaling av tillegget må løyvinga som er gitt, òg kunna dekkja desse tilleggsutgiftene.

Kompensasjonstillegg blir aldri gitt til reiser innanlands.