Hjem

Institutt for fremmedspråk

Kostsatsar i reiserekningar

Det finst tre ulike kostsatsar:

A) Full kostsats (varierer frå land til land) blir normalt gitt ved kortvarige reiser, der den reisande må bu på hotell og derfor ikkje kan stella seg mat sjølv.

B) Arbeidstakarar som bur på pensjonat eller hybel/brakke utan kokemuligheiter, får mellomsatsen. Denne satsen er hausten 2016 på 307 kroner døgnet, og satsen er lik for alle land.

C) Den lågaste kostsatsen vert gitt når folk bur på hybel eller i brakke med kokemuligheiter, eller eventuelt overnattar privat. Denne satsen er hausten 2016 på 200 kroner døgnet, og satsen er lik for alle land.

Også i B) og C) ovanfor kan den som reiser, krevja full kostsats. Men mellomlegget mellom den fulle og den reduserte satsen er då skattbar inntekt. I tillegg må UiB betala arbeidsgjevaravgift for mellomlegget, og ved eksterne prosjekt også overhead.

Full kostsats blir normalt berre gitt til kortvarige reiser, men kan i enkelte tilfelle bli gitt i inntil 28 døgn. Når opphaldet varer meir enn dette, blir kostsatsen frå og med det 29. døgnet redusert til 75 prosent.

Rammene, dvs. tildelinga, bestemmer kva for utgifter som blir dekte. Dersom dei samla utgiftene til reise, kost, opphald o.a. er større enn tildelinga, får ein ikkje dekt det som går ut over tildelingssummen.