Hjem

Institutt for fremmedspråk

Datamaskin - innkjøp

Instituttet kjøper inn datamaskin til fast tilsette, til stipendiatar og til mellombels tilsette i langvarige vikariat ved IF. Den enkelte kan sjølv velja om dei ønskjer pc eller mac. Nytilsette får kjøpa inn ny maskin, eller eventuelt overta pent brukt og "nesten ny" maskin. Seinare innkjøp av datamaskin vert gjort når it-avdelinga konkluderer med at den gamle er utrangert. Instituttet kjøper dokking-pakke ved nyinnkjøp til pc-brukarar (berbar pc, dokkinglist, skjerm og tastatur). Dette er ein alt-i-eitt-pakke som gjev brukaren både berbar og stasjonær maskin. Kontakt konsulent Anne Hestnes når du treng ny datamaskin. Dersom andre maskiner enn UiB sine standardmodellar skal kjøpast inn, må brukaren senda ein grunngitt søknad til administrasjonssjef Arve Kjell Uthaug.

Om dei ulike gruppene av tilsette:

a) Fast tilsette i administrasjonen får pc til disposisjon. Instituttet kjøper dokking-pakke når gamle maskiner må skiftast ut.

b) Fast vitskapleg tilsette vel sjølve om dei vil ha pc eller mac. Instituttet kjøper dokking-pakke til pc-brukarar når gamle maskiner må skiftast ut. Mac-brukarar får dekt stasjonær eller berbar maskin etter eige val, og dei som ønskjer både stasjonær og berbar mac-maskin, må finna andre midlar til å dekkja innkjøpet av maskin nummer to.

c) Stipendiatar vel sjølve om dei vil ha pc eller mac. Instituttet dekkjer dokking-pakke for pc-brukarar og éi maskin for mac-brukarar (stasjonær eller berbar). Ønskjer stipendiaten fleire maskiner enn dette, t.d. berbar mac i tillegg til stasjonær mac, må slike innkjøp dekkjast av driftsmidlane til den enkelte.

d) Tilsette i langvarige vikariat, dvs. vikariat som går over fleire år, får éi datamaskin til disposisjon frå instituttet (mac eller pc).

e) Tilsette som er inne i kortare vikariat som t.d. timelærar, får disponera pc på fellesrom så langt det er ledige maskiner.