Hjem

Institutt for fremmedspråk

Instituttstøtte til gjesteforelesarar

Institutt for framandspråk kan gje støtte til bruk av gjesteforelesarar. Det er ingen fast søknadsfrist, og søknader kan sendast til instituttleiar Åse Johnsen med kopi til administrasjonssjefen. Søknaden må ha med ei kort grunngjeving og eit budsjett. Instituttet kan, om det vert gitt støtte, dekkja reise, opphald og honorar etter vanlege forelesingssatsar. Instituttet vil prioritera å støtta gjesteforelesingar med stor relevans for studentar og/eller forskargrupper.

Når det kjem gjeseteforelesarar hit på Erasmus-programmet, har desse finansiering frå Erasmus via heimeuniversitetet sitt. I slike tilfelle er det normalt ikkje aktuelt med økonomisk støtte frå IF.