Hjem

Institutt for fremmedspråk

Bevertning (sjå òg Representasjon)

Reglane for bevertning gjeld betaling av mat og drikke ved møte, konferansar og seminar i regí av instituttet, inkludert forskingsprosjekt o.l. som høyrer til ved IF. Utgiftene skal vera nøkterne, og dei skal klarerast på førehand med administrasjonssjefen (e-post).

Fakturaen skal dokumenterast med opplysningar om kva for gruppe som deltok og/eller namn på deltakarane.

Meir informasjon om bevertning finn ein i Statens personalhandbok (10.11.3) og i interne retningslinjer ved UiB (ePhorte 2016/11564 og her).

For middagar o.a. med eksterne gjester, sjå "Representasjon".