Hjem

Institutt for fremmedspråk

Nyheter

Fleire til master- og lektorstudiet

Pilene peikar oppover for lektorutdanninga og masterstudiet i framandspråk. For bachelorgraden og årsstudiet buttar det litt imot.

semesterstart2016.jpg

Studentar ved semesterstart hausten 2016.
Nye studentar ved semesterstart hausten 2016.
Foto:
Arve Kjell Uthaug

Søkjartala for opptak til norske universitet og høgskular hausten 2018 er no klare. Samla sett har Institutt for framandspråk om lag like mange førsteprioritetssøkjarar i år som i 2017 og klart fleire enn i 2016. Men utviklinga varierer mellom dei ulike programma.

Lektor-topp

Den siste treårsperioden har talet på søkjarar til lektorutdanninga auka med over førti prosent. Klart dei fleste søkjarane her vil ta engelskfaget (90 personar i år), så kjem tysk med 11 og fransk med 3 søkjarar.

Søkjartala til masterstudiet peikar òg oppover ved instituttet, her er vekst òg på kring 40 prosent i den siste treårsperioden. Godt over halvparten av desse ønskjer seg inn på engelskfaget. Det gjev instituttet store utfordringar med sprengt rettleiingskapasitet på faget. I underkant av ein fjerdedel søkjer seg inn på masterstudiet i spansk, og resten fordeler seg på fransk, russisk og tysk. Sjølv om tyskfaget er viktig i både skuleverk og næringsliv, er det berre fem søkjarar til masterstudiet.

Japan-feber

Søkjartala til bachelorgraden og årsstudiet har gått ned  frå 498 i 2017 til 441 i år. Tala er likevel betre enn for to år sidan. Skilnadene mellom faga er stor. Størst tiltrekkingskraft har engelsk. Men på andreplassen kjem, også i år, japansk med 86 søkjarar. Deretter kjem spansk språk og latinamerikastudium på tredjeplassen.