Hjem

Institutt for fremmedspråk

Skrivehjelp

Skrivehjelp til masterstudentar

Institutt for framandspråk skal for første gang arrangere skriveseminar for sine masterstudentar. Seminaret vil finne stad 30. og 31. august, og er eit tilbod til masterstudentar som startar skrivinga av masteroppgåva dette semesteret.

Gruppa som har utvikla seminaret består av Wassim Rustom og Anne-Kate Ellingsen som skal halde seminaret, i tillegg til Birger Solheim som har erfaring frå Skrivesenteret og studiekonsulent Hanne Svanholm Misje
Gruppa som har utvikla seminaret består av Wassim Rustom og Anne-Kate Ellingsen som skal halde seminaret, i tillegg til Birger Solheim som har erfaring frå Skrivesenteret og studiekonsulent Hanne Svanholm Misje

Ideen til seminar kom først fram i studieseksjonen ved instituttet. Studierettleiarane har opp gjennom semestra snakka med mange studentar som ytrar at det kan vere vanskeleg å kome i gang med sjølve skrivinga. Masteroppgåva er som eit stort, uhandterleg fenomen som ikkje er lett å gripe fatt i. Dette gjeld uansett kva fagmiljø studentane er knytt til.  

Hjelp til skriving i startfasen
Skriveseminaret er derfor utvikla som ei starthjelp til skrivande masterstudentar. I løpet av seminaret vil studentane vere innom tema som korleis strukturere eit så stort arbeid, kva er gode forskingsspørsmål, og kva er vanlege fallgruver. I tillegg vil det vere fokus på utforming av ei tidslinje, og oppmoding om å starte skrivegrupper. Seminaret strekk seg over to dagar, med plan om oppfølging i januar.

Spørsmål? Kontakt studierettleiar@if.uib.no