Hjem
Institutt for fremmedspråk

Retningsliner for Nettspanskkoordinator

Hovedinnhold

Retningsliner for fagleg koordinator for Nettspansk Portón Español (Nettspanskkoordinator)

Retningslinene er godkjende av instituttleiar Leiv Egil Breivik 28. januar 2010

 

A. Vervet

Instituttleiar peikar ut ein fagleg koordinator for Nettspansk Portón Español (Nettspansk-koordinator). Denne koordinatoren held kontakten med dei ulike emneansvarlege på det nettbaserte spansktilbodet, samarbeider med fagkoordinatoren på spanskfaget og er underordna undervisningsleiaren ved instituttet. 

Nettspanskkoordinatoren har det faglege ansvaret for kurstilbodet på Nettspansk (100-nivået), og har i tillegg eit meir avgrensa ansvar for lærarane på LibroELE (innføringsnivået). Det faglege ansvaret for LibroELE ligg hjå Ana Beatriz Chiquito.

 

B. Arbeidsoppgåver

Nettspansk-koordinatoren har tilsyn med det nettbaserte fagtilbodet i spansk og skal: 

  1. kalla inn administrativt og fagleg involverte på Nettspansk og LibroELE til eitt møte per semester
  2. vera eit bindeledd mellom Nettspansk og dei ordinære spanskemna ved instituttet
  3. ta initiativ til endringar i emneplanar og vidareutvikling av tilbodet på Nettspansk, og formidla dette og andre faglege initiativ vidare til fagkoordinator/undervisningsleiar
  4. ha tilsyn med at undervisningstilbodet på Nettspansk blir evaluert (i samarbeid med administrasjonen), rapportera til utdanningsmeldinga om dei ulike emna på fagtilbodet (i samarbeid med undervisarane på emna), og vera ein fagleg-pedagogisk ressursperson for heile nettilbodet
  5. delta i utvalet for undervisning og internasjonalisering (UUI) ved instituttet dersom undervisningsleiar bed om det. Elles er Nettspansk representert ved fagkoordinatoren for Spansk språk og latinamerikastudium
  6. Disponera lærarkreftene – både fast tilsette og mellombelse – på Nettspansk og LibroELE frå semester til semester. Arbeidet blir gjort i samråd med fagkoordinator/administrasjonssjef. Nettspanskkoordinatoren tek kontakt med lærarane og avtalar undervisninga.
  7. kontakta vikarar som må leigast inn når det oppstår behov på Nettspansk og LibroELE i løpet av semesteret.
  8. planleggja bruken av sensorar på Nettspansk i samråd med fagkoordinator.

 

C. Funksjonstid

Etter avtale med instituttleiar.


D. Kompensasjon

Vervet som fagleg koordinator på Nettspansk blir godskrive som 50 arbeidstimar pr semester i undervisningsrekneskapen.