Hjem
Institutt for fremmedspråk

Retningsliner for undervisnings- og internasjonaliseringsutvalet

Vedtekne av instituttrådet 3. oktober 2007. Modifisert i tråd med vedtak i instituttrådet 21. oktober 2009, sak 5. Justeringar i høve til representasjon er godkjende av instituttleiar 24. juni 2013.

1. Mandat og oppgåver

Utvalet for undervisning og internasjonalisering (UUI) er eit forum for å drøfta undervisningsspørsmål, inkludert internasjonalisering, ved Institutt for framandspråk. Det er eit organ for informasjonsutveksling, drøfting og nye initiativ.


Instituttrådet har delegert vedtak i studiesaker til UUI. Dersom rådet skulle ønskja det, kan det likevel be om å få framlagt slike saker til drøfting og eventuelt vedtak i rådet.


Utvalet skal:

  • gjera vedtak i alle studiesaker, inkludert studieplanar, som fell inn under ansvarsområdet til instituttrådet.
  • koma med innspel til utdanningsmeldinga frå instituttet.
  • få kopi av undervisningsbudsjettet ved instituttet.
  • få kopi av alle evalueringar av undervisninga ved instituttet.
  • eventuelt ta initiativ til endringar i undervisningsopplegg. Fagkoordinator og undervisningsleiar har ansvaret for å vurdera og eventuelt følgja opp slike framlegg.
  • ta opp andre spørsmål som gjeld undervisning (og internasjonalisering), t.d. prinsipielle spørsmål om tildeling av rettleiar på mastergrad, ordninga med programsensorar og bruken av mellombels tilsette lærarar.

2. Representasjon

Undervisningsutvalet er sett saman av fagkoordinatorane, fagleg programkoordinator, dei administrative programkoordinatorane, undervisningskoordinator, studieleiar og fire av studentrepresentantane frå instituttrådet.

Desse er med i utvalet:

  • Åtte fagkoordinatorar, dvs ein frå kvart av faga arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk/kinesisk, russisk, spansk og tysk.
  • Ein programkoordinatorar frå Språk og interkulturell kommunikasjon (SPIK)
  • Undervisningskoordinator ved instituttet.
  • Frå administrasjonen: studieleiar saman med dei studiekonsulentane som er administrative koordinatorar for studieprogram.
  • Fire av studentrepresentantane frå instituttrådet.
  • I tillegg kan utvalet etter eiga vurdering ta som medlemar personar med koordineringsansvar for vidareutdanninga ved instituttet. Dersom det blir utpeikt ein fagleg koordinator for den integrerte lektorutdanninga i framandspråk, går denne koordinatoren òg inn i utvalet.


3. Leiing, innkalling og referat


Utvalet blir leia av undervisningskoordinator ved instituttet, og studieleiaren er sekretær. Innkalling med sakliste skal sendast ut minst tre dagar før møtet. Sakspapir kan ettersendast eller leggjast fram i møtet om nødvendig.