Hjem

Institutt for fremmedspråk

Reiserekningar og reiseforskot

Når utgiftene til ei reise skal dekkast av instituttet, skal den enkelte etter reisa fylla ut reiserekning i PagaWeb. Kvitteringane skal skannast inn og leggjast inn som vedlegg til reiserekninga.

Alle utgiftene som skal dekkast, skal førast på reiserekninga.

  • Alle fast tilsette og stipendiatar må betala for reiser sjølv.Hugs altså at faktura for reiseutgifter (hotell, flybillett o.a.) ikkje skal sendast beinveges til instituttet for betaling.
    Reiser som skal dekkast av UiB, skal bestillast gjennom G Travel. Når du er på nettsidene til G Travel og bestiller reise, hugs å be om at fakturaen blir sendt til deg og ikkje til instituttet. Når du er ferdig med reisa skal du senda inn utfylt reiserekning.
  • Reisande som ikkje er tilsette ved UiB (eventuelt berre tilsette i kortvarige engasjement) og gruppereiser kan be om at kan faktura frå G Travel vert sendt direkte til instituttet.
  • Instituttet kan betala reiseforskot på inntil 75 prosent av utgiftene. Ta kontakt med administrasjonskonsulent Victoria Jensen i god tid før reisa dersom du ynskjer forskot.
  • UiB har avtale med fleire hotellkjeder. Meir informasjon om desse avtalane ligg i innkjøpsportalen under "reiserelatert info". Ein skal benytta seg av hotell frå ei av desse kjedene så sant det er mogleg. Ta kontakt med Anne Hestnes om du treng informasjon om innkjøpsavtalane til universitetet.
  • Det er faste satsar for diett i Noreg og utlandet. Når det gjeld overnatting, gjev satsen øvre prisgrense for overnattinga. I reiserekninga er det likevel dei reelle utgiftene til overnatting som skal førast opp, dokumentert med kvittering.
  • I reiserekninga er det ein rubrikk for kompensasjonstillegg. Dette tillegget vert berre nytta til pålagde tenestereiser utanlands.
    Konferansar, kurs, forskingsopphald o.l. skal det ikkje betalast kompensasjonstillegg for.

Dersom reisa er eit forskingsopphald, skal ein fylla ut eit oppgjersskjema for forskings- og utdanningsstipend (FoU) i etterkant av reisa. For FoU finst det eit eige forskotsskjema. Dersom opphaldet varer meir enn ca 2 månader, vil det oftast bli sett på som eit FoU-opphald.

Ta kontakt med administrasjonskonsulent Victoria Jensen viss du har spørsmål om utfylling av reiserekning og forskot.