Hjem
Institutt for fremmedspråk

Retningsliner for undervisningskoordinator

Retningsliner for undervisningskoordinator ved Institutt for framandspråk

1. Vervet

Instituttleiar peikar ut ein av dei fast vitskapleg tilsette ved instituttet til vervet som undervisningsleiar. Fagkoordinatorane og programleiarane ved instituttet rapporterer til undervisningsleiaren Instituttleiar er næraste overordna. 

2. Arbeidsoppgåver

Undervisningsleiaren skal ha tilsyn med undervisninga – emne, fag og program - ved instituttet. Han har fått delegert ansvar for strategisk planlegging og overordna koordinering av undervisninga frå instituttleiar.
Følgjande arbeidsoppgåver går inn i vervet:

  • delta i leiargruppa ved instituttet
  • kalla inn til og leia møta i Utvalet for undervisning og internasjonalisering ved instituttet
  • ha eit overordna blikk på undervisninga og evalueringa ved instituttet, vurdera emne-, fag- og programporteføljen, og gje råd til instituttleiar om nedlegging, endringar og nysatsing
  • godkjenna nye og endra emneomtalar, etter rådføring med leiinga av programma der emna går inn (tverrinstituttlege emneomtalar må òg godkjennast av fakultetet)
  • godkjenna endringar i studieplanane for undervisningsprogramma
  • halda kontakt med fagkoordinatorane og programleiarane ved instituttet, og vera bindeledd mellom fag og program
  • delta i det rådgjevande organet for utdanningsspørsmål ved fakultetet

3. Undervisningsutvalet ved instituttet

I Utvalet for undervisning og internasjonalisering sit undervisningsleiaren, fagkoordinatorane, programleiarane og seniorkonsulenten for studiesaker. Undervisningsleiaren kallar inn til og leier møta. Seniorkonsulenten skriv referat og assisterer undervisningsleiaren med saksførebuinga og innkallinga til møta.

4. Funksjonstid

Undervisningsleiaren sit normalt i vervet den same fireårsbolken som instituttleiaren er tilsett for.

5. Kompensasjon

Vervet som undervisningsleiar blir godskrive som 200 arbeidstimar pr semester i undervisningsrekneskapen.