Hjem
Institutt for fremmedspråk

Instituttet kan ikkje ta på seg ansvaret for eventuelle feil i informasjonen under. Dersom nokon finn feil og manglar i informasjonen, er vi takknemlege for å få vita dette slik at vi kan retta det opp.

 

E-post og felleslister

Offisiel e-post: if@hf.uib.no
E-post til denne adressa går til dokumentsenteret ved fakultetet, som tildeler saksnummer og arkiverer dersom saka er arkivverdig, og som så sender e-posten vidare til instituttet.

Interne e-post: post@if.uib.no
E-post til denne adressa går ikkje via dokumentsenteret, men beinveges til instituttadministrasjonen. Offisielle e-postar til instituttet bør derfor ikkje sendast til denne adressa, men til if@hf.uib.no.

Felleslister:

Instituttet har følgjande felleslister, der alle som sjølve står på listene, kan senda e-post til den samla lista:

Listene blir haldne ved like av IT-avdelinga og forskingskonsulent Jan Johansen.

 

Sending og mottak av pakkar

Universitetet blir stadig pålagt ekstrakostnader for pakkesendingar som har feil adresse.  For innkomande pakker som er adresserte til gateadresse, vil pakken måtte hentast på næraste ”post i butikk”.  Dersom pakker med gateadresse skal utleverast til transportavdelinga, blir det kravd eit gebyr på kr 100, og i tillegg blir pakken forseinka med om lag ei veke.  For utgåande pakker som er feiladresserte og kjem i retur, vil gebyr vera på kr 485,-.

 

Det er difor viktig at alle som sender pakkar og/eller gjev opp adresse/returadresse til kontaktar utanfor institusjonen, nyttar postboksadresse.  Korrekt postboksadresse for pakkar er:

 

Universitetet i Bergen

(Institutt/mottakars namn)

Postboks 7800

5020 BERGEN 

 

Dersom feiladresseringa held fram, ser transportavdelinga seg nøydd til å vurdera om eininga eller enkeltpersonar sjølv må henta pakkane i ”post i butikk”.

 

Post

Posten blir lagt ut i posthyllene på rom 328 til dei som har kontor i tredje høgda av HF-bygget, og i posthyllene på rom 242 til dei som har kontor i andre høgda. Utgåande post skal leggjast i hyllene for intern og eksternpost på rom 328/242.