Hjem
Institutt for fremmedspråk

Emeriti - kontorplass

Emiritikontor og andre ordningar for pensjonistar

Institutt for framandspråk har sett av dei seks arbeidsplassane på kontor 302 i HF-bygget til emeriti. I tillegg disponerer instituttet eit par emeritplassar på Sydneshaugen skule. Vitskapleg tilsette som har planar om å halda fram den faglege aktiviteten, kan søkja om arbeidsplass på kontor 302 og eventuelt i Sydneshaugen skule. Neste søknadsfrist er 1. desember 2018, og tildelinga av plass gjeld for året 2019. Søknader fmå sendast med e-post til Anne Hestnes, og søknaden må innehalda ein kort omtale av den planlagde faglege aktiviteten som ligg til grunn for behovet for arbeidsplass.

Det humanistiske fakultet vedtok i juni 2013 retningsliner for emeritipolitikken ved fakultetet. Her står det meir om arbeidsplass, e-postadresse, tilgjengelege ressursar, registrering av publikasjonar, søknader om økonomisk støtte mm.