Hjem
Institutt for fremmedspråk
ph.d.-portrett

Ukjende samaritanarar

Frank Weigelt er stipendiat i arabisk og forskar på samaritanske bibelkommentarar.

portrettbilete
– Prosjektet mitt viser at samaritanarane tok del i den arabiskspråklege lærdommen som muslimane, jødane og kristne var prega av, fortel Frank Weigelt.
Foto/ill.:
Magnus Halsnes

Hovedinnhold

– Dersom eg skal forklare på ein enkel og grei måte kva eg held på med heile dagen, vil eg seie: filologi, og då arabisk filologi sidan det dreier seg om ein arabisk tekst. Filologi er å gje seg i kast med ein gamal tekst og prøve å gjere den tilgjengeleg og forståeleg, fortel Frank Weigelt.


Weigelt, som er frå Tyskland, byrja som stipendiat i arabisk ved Institutt for framandspråk hausten 2012, og forskar på eit samaritansk manuskript frå 1200-talet. Manuskriptet er ein kommentar av første Mosebok og er skrive på arabisk av ein samaritansk lærd.


– Eg valde ein kommentar på første Mosebok fordi eg syntes at det ville vere eit spennande tema, men visste ikkje kvar det ville leie meg. Eg trudde først at samaritansk litteratur var noko for seg sjølv og at prosjektet var noko eg ville bli raskt ferdig med sidan det er var få andre tekstar eg skulle sjå på. Det viste seg derimot at teksten er ein del av ein lang tradisjon av bibelkommentarar, både kristne og jødiske. Det er neste umogleg å forstå teksten utan å sjå på dei fleste andre tekstane innanfor denne tradisjonen, og i tillegg er den samaritanske forfattaren sterkt påverka av kalām, den muslimske teologien.


På 1200-talet var arabisk det dominerande språket innanfor litteratur og kultur i regionen, og det var i bruk av muslimar, kristne, jødar og samaritanarar.


– Det at alle brukte det same skriftspråket førte til ei stor grad av intellektuell utveksling, og dei fleste verka har difor eit felles grunnlag når det gjeld argumentasjonsstruktur, terminologi og temakanon.

Å setje ting i samanheng

Arbeidet med ein samaritansk tekst på arabisk går ikkje berre ut på å gjere seg kjend med ideane og konsepta til samaritanarane. Ein må djupare inn i materialet og setje seg inn i heile det intellektuelle landskapet og omgjevnaden til den samaritanske forfattaren, ifølgje Weigelt. Ein må forstå kvar forfattaren stod i forhold til kollegaane sine.


– Oppgåva mi er å redigere teksten, omsetje den, og kome med bakgrunnsinformasjon om alt som er vanskeleg å forstå. Den største utfordringa med emne typen bibelkommentarar er at emna som blir omtala er so mangfaldige at det tar mykje tid å setje seg inn i alle. Det er likevel naudsynt dersom ein ynskjer å faktisk forstå og omsetje teksten.

Dei ukjente samaritanarane

Før Weigelt kom til Bergen, arbeidde han i sju år på avdelinga for semittiske språk ved Freie Universität Berlin. Universitetet der har ei samling på om lag 500 bind med samaritanske manuskript, på arabisk, hebraisk og arameisk. Dei fleste tekstane er religiøse og med ei mastergrad i teologi saman med god kunnskap i både arabisk og hebraisk, hadde Weigelt gode føresetnadar for å skrive om ein av desse tekstane.


– Ein av påstandane mine i prosjektet, er at dei samaritanske arabiske tekstane er ein del av den jødisk-arabiske litteraturen som bloma omkring 950–1300. Det er nesten ikkje kjent at samaritanarar har tatt del i denne, sannsynlegvis fordi det ikkje er tilgjengelege redigerte utgåver av tekstane deira.


Det er berre ein liten brøkdel av desse tekstane som har vorte redigert, og sjølv hjå spesialistar i jødisk-arabisk litteratur er kunnskapen om desse samaritanske tekstane liten.


– Prosjektet mitt viser likevel at samaritanarane tok del i den arabiskspråklege lærdommen som muslimane, jødane og kristne var prega av. Samaritanarane er difor eit viktig ledd når det gjeld rekonstruksjonen av den intellektuelle omgjevnaden desse lærte opphaldt seg i.

1/500 manuskript

Weigelt fortel at etter han er ferdig med ph.d.-graden, kan han godt tenke seg eit prosjekt for å publisere fleire av dei samaritanske tekstane, til dømes saman med ei forskargruppe.

– Temaa er svært breie i berre eitt enkelt verk, noko som gjer det svært nyttig å jobbe saman med folk med ulike spesialiseringar. Målet mitt er å gjere fagfolk frå nærliggande fagområde, då særskilt arabiske og jødiske fag, kjende med den samaritanske litteraturen.

– Elles er eg svært opptatt av språk, og det er difor ikkje usannsynleg at eg held fram med eit meir språkvitskapleg prosjekt. Eg har allereie noko i tankane om «Greske låneord i arabisk», men det får vere til eit anna intervju.