Hjem
Institutt for fremmedspråk
Utdanning

Med nye perspektiv på kinesiskstudiet i Bergen

- Mange studentar har valt kinesisk ut frå personlege interesser, men dei må tenke på jobbutsiktene også, seier den nytilsette førsteamanuensisen i kinesisk Dr. Zhao Shouhui. Han trur at kontakten mellom Noreg og Kina vil auke i framtida, og at dette vil føre til ein større arbeidsmarknad for kinesiskstudentane.

Dr. Zhaou Shouhui outside the Department f Foreign Languages.
Dr. Zhao Shouhui
Foto/ill.:
Elisa Kolle

Hovedinnhold

Dr. Zhao har undervist i kinesisk som framandspråk sidan han avla mastergrad i lingvistikk ved Renminuniversitetet i Beijing. Han har undervist og drive forsking innan feltet sidan, både i Beijing, Calcutta, Bangkok, Sydney og Singapore, og tar såleis med seg mykje erfaring til Bergen.

 

Kvifor valde du Bergen?

- Eg var på utkikk etter forandring. Eg har tilbrakt heile arbeidslivet mitt i Asia og Oseania, og tanken på å arbeide i eit heilt annleis miljø lokka meg. Då denne stillinga vart lyst ut såg eg moglegheita til å prøve noko nytt. Eg tenkte også at det ville vere svært givande å få vere med på å utvikle eit nytt fagtilbod frå grunnen av. Eg har brukt mykje tid denne månaden på å diskutere dette med kollegaene mine, og har møtt mange interessante menneske utanfor universitetet. Eg prøver å danne meg eit bilde av bakgrunnen, premissane og framtidsplanane for programmet – skaffe meg eit overblikk.

- Eg har erfaring frå fleire institusjonar der kinesiskstudiar er ein godt innarbeidd del av fagtilbodet, og eg trur det er stort potensial her i Bergen til å vidareutvikle tilbodet. Til dømes verkar det å vere interesse for å utvikle kinesiskstudiar på andre nivå, som i vidaregåande skule. Viss dette blir gjennomført vil det dukke opp eit behov for kvalifiserte lærarar så vel som undervisningsmateriell.

 

Har du møtt studentane dine enno? Veit du noko om motivasjonen deira for å studere kinesisk?

- Eg har så vidt møtt dei, men skal byrje å undervise for fullt snart. Så vidt eg har skjønt er mange av dei motivert av ei fagleg interesse snarare enn av instrumentelle årsaker. Dette er interessant, fordi det er annleis enn kva eg er vant til frå tidlegare. I mange andre land er kinesiskstudiar utgangspunkt for arbeid innan handel- og finanssektoren, og dei fleste studentane har dette som klare karrieremål. I Noreg verkar det som om studentar vel fag meir fritt, avhengig av personlege interesser. Desse forskjellane fascinerar meg, kanskje seier dei noko om kulturelle og samfunnsmessige ulikheiter mellom regionane. Det ville vere interessant å undersøke dette grundigare med eit komparativt perspektiv ein gong.

- Ein faktor som kanskje kan forklare nokre forskjellar, er at dei Nordiske landa ikkje er påverka av den kinesiske «bølgen» i like stor grad som andre regionar, dei er ikkje like avhengige av økonomisk samarbeid, og den geografiske avstanden er stor. Men desse tinga kan endre seg, verda har aldri vore så lita som ho er i dag. Eg las til dømes nyleg om korleis shippingindustrien utforskar nye handelsruter gjennom arktiske farvatn. Og global oppvarming vil sannsynlegvis omdefinere det geopolitiske utsynet verda over, noko som vil kunne ha ein markant påverknad på økonomisk samarbeid.

- Vidare har sjølvsagt kulturelle faktorar forma tilhøva mellom Kina og dei nordiske landa. Ideologisk sett er desse landa svært ulike, i undervisninga vil me til dømes måtte sjå nærare på politiske spørsmål knytt til Nobels fredspris og Dalai Lama si vitjing. Personleg trur eg at desse ulikheitene vil jamne seg ut med tida, og at mange av dei politiske usemjene vil bli oppklarte. I det lange løpet er nok økonomien ein større determinerande faktor.

 

Kva for moglegheiter trur du dette studiet kan opne for studentane?

- Vel, eg trur at det med tida vil oppstå etterspurnad etter lærarar i faget, og med pedagogisk tilleggsutdanning vil våre studentar vil vere kompetente til å undervise på vidaregåande nivå. Eg trur også at arbeidsmarknaden vil bli større i takt med at det økonomisk/politiske klimaet blir betre. Eg har ikkje klart å danne meg eit utfyllande bilde av omfanget av norsk-kinesisk samarbeid enno, men i utlandet er kinesiskkunnskapar ein klar føremon og ofte eit krav i visse sektorar.

- Det blir interessant å sjå kvar dei hamnar. Sjølv om mange har valt studiet ut frå personlege interesser, må dei jo tenke på jobbutsikter også. Som eg har sagt tidlegare trur eg at kontakten mellom regionane vil auke, og dermed også arbeidsmarknaden. Så det god grunn til å vere optimistisk på vegner av programmet!


Du nemnde tidlegare interessa for ei komparativ studie. Vil det vere rom for forsking i stillinga di?

- Ja, det vil det nok. Feltet mitt er opprinneleg sosiolingvistikk, og eg er særskilt interessert i språkpolitikk, sosiopolitiske faktorar som ligg bak språkutdanning, og språkutdanninga sin status i samfunnet. Eg er svært ivrig etter å setje den tidlegare forskinga mi i samanheng med nye sosiokulturelle kontekstar.

- Men først må eg skaffe meg grunnleggjande «overlevingskunnskapar»; norsk språk, setje meg inn i utdanningssystemet, finne ut av dei praktiske tinga ein treng i kvardagen – det er mykje å lære når du kjem til Bergen slik eg har gjort! Det vil også krevje tid og krefter å utvikle fagtilbodet no i startfasen. Men eg er optimistisk med tanke på å halde fram det akademiske virket mitt med tida.