Hjem
Institutt for fremmedspråk
News

Bossanova til språkstudentane

Brasiliansk-nynorsk bossanova og forventningsfulle studentar fylte auditorium B i Sydneshaugen skule under semesteropninga ved Institutt for framandspråk (IF). Nytt av året er at dei nye studentane får møta språkstudiet gjennom eit innføringskurs allereie første semesteret.

Sindre Sortland, Annelise Ringsby og Davide Bertolini spelar bossanova.
Sindre Sortland, Annelise Ringsby og Davide Bertolini vartar opp med brasiliansk-nynorsk bossanova.
Foto/ill.:
Arve Kjell Uthaug

Hovedinnhold

Måndag 11. august tok instituttet imot 236 nye studentar.

 

Forståing

- Språk er kommunikasjon. Og auka kommunikasjon fører til auka forståing, slo instituttleiaren Åse Johnsen fast.  Ho viste til at det i dagens fleirkulturelle Noreg blir tala omkring 110 ulike språk. Ved IF blir det forska og undervist i ni av desse: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk og spansk språk og latinamerikastudium.  

Instituttleiaren viste òg til at det er eit viktig kjenneteikn ved universitetsundervisninga at ho i stor grad er forskingsbasert. Og studentane ved IF får i tillegg til språk også undervisning i m.a. litteratur, kultur og samfunn på faga ved instituttet.

 

Faget først

Nytt hausten 2014 er at det er lagt inn eit språkspesifikt kurs i førstesemesteret til dei nye studentane på alle faga bortsett frå engelsk. Dermed møter ikkje studentane berre dei meir generelle innføringskursa det første semesteret, men dei får òg følgja eit emne som gjev grunnleggjande kunnskapar om det språkfaget dei har tenkt å studera. Instituttet håpar denne modellen òg vil knyta dei tettare til faget og redusera faren for at instituttet misser dei nye studentane i startfasen.

Sidan auditorium B ikkje var stort nok, var mottaket av dei nye studentane delt i to samlingar. Den første var for nye studentar på alle språkfaga bortsett frå engelsk, den andre samlinga var for nye studentar på engelsk, som er det største faget ved IF. Studieleiar ved instituttet Øyvind Gjerstad gav nykomlingane på det første møtet ein presentasjon av muligheitene til å studera ved eit utanlandsk universitet som ein integrert del av utdanninga ved Universitetet i Bergen. Universitetet har om lag 400 avtalar med ulike universitet kring i verda, og IF-studentane er mellom dei ivrigaste til å reisa ut. Gjerstad vart supplert av to studentar som hadde hatt utvekslingsopphald ved franskspråklege universitet, dvs. statsvitskap i Bordeaux og fransk lingvistikk i Strasbourg. Begge tala varmt om livet som utvekslingsstudent, og anbefalte å setja av eit heilt år til utanlandsstudiet.

 

Bossanova

Ein annan som hadde hatt nytte og glede av utvekslingsstudiet sitt, var gitaristen Sindre Sortland i trioen A Mar. Han er cand.philol. i gitar frå Griegakademiet ved UiB og lærte portugisisk som utvekslingsstudent i bossanovaens heimland Brasil. Saman med songaren Annelise Ringsby og kontrabassisten Davide Bertolini varta han opp med bossanova-rytmar og nynorske tekstar for dei nye studentane.

- Som student er det ikkje alltid alt går på skinner heile tida, minna instituttleiar Johnsen om. Ho oppmoda studentane om å ta kontakt med studierettleiar eller med informasjonssenteret ved fakultetet dersom dei trong råd eller hjelp. Velkomst-samlinga vart avslutta med at studieleiar Hilde Haaland-Kramer presenterte dei seks studiekonsulentane ved instituttet.