Hjem
Institutt for fremmedspråk
News

Språkekspress for VGS

Fredag 26.september arrangerte Institutt for framandspråk (IF) ein språkdag med namnet «Språk opnar dører». På den europeiske språkdagen skulle elevar få lære meir om moglegheitene som opnar seg ved å studere eit framandspråk.

Myrvold føreles om arabisk
Forelesing om arabisk.
Foto/ill.:
Institutt for framandspråk, UiB

Hovedinnhold

Omtrent 80 elevar frå vidaregåande skule i Bergen fekk utvida kunnskapen om framandspråk denne fredagen. Dørene vart opna ved at elevane fekk ei innføring i studiemoglegheitene i språkfag ved IF ved Universitetet i Bergen, presentert av studieleiar Hilde Elin Haaland-Kramer og undervisingskoordinator Øyvind Gjerstad. Deretter var det studentane sjølve sin tur til å ta over podiet. Live Borrebek og Inger Johnsen heldt eit innlegg om sine erfaringar med å vere språkstudent. Spesielt det gode studiemiljøet ved IF og eit sterkt fagmiljø vart trekt fram som argument for å velje UiB. Elevane fekk også høyre om utvekslingsopphald i utlandet og relevante yrkesvegar for dei som satsar på språkstudium.

 

Bollar, brus og britiske verk
For at elevane skulle få oppleve ei ekte universitetsforelesing, heldt professor Stuart Sillars ei ekspressforelesing om Shakespeare som vart svært godt motteken. Etter den fyrste timen fekk elevane bollar og brus i pausen, før det bar på att med nye språklege utfordringar. Denne gongen vart elevane delte inn i grupper, og dei ulike studierettleiarane gaida dei til kvar sine rom. Romma hadde representantar frå eit utval av språk som ein kan studere ved IF. I år kunne elevane treffe vitskapleg tilsette frå spansk, arabisk, italiensk, tysk og russisk.

Språk i ekspressfart
Når elevane kom fram til dei ulike språkpostane, starta dei straks med å gå laus på språknøtter. Her fekk dei ein smakebit på språket, samstundes som dei fekk løyse oppgåver i mindre grupper. På den tyske posten fekk  til dømes elevane prøve seg på Tyskland-quiz og oversettingskonkurransar. Dei gjetta også på tyske oppfinningar. Overraskinga vart stor når dei merka kor mykje tysk dei eigentleg kunne forstå berre ved å snakke norsk. Tempoet var tidvis høgt, og det var entusiastiske elevar som deltok på aktivitetane. Når dei same elevane 25 minutt seinare gjekk over til å lære om arabisk, var det konsentrasjonen og handkoordinasjonen som vart testa når eit nytt alfabet skulle uttalast og skrivast.

Informert vegval
Samla viste innhaldet på dei fem språkpostane breidda i nokre av faga som IF kan tilby. Som eit ledd i den europeiske språkdagen, ønskja IF å bidra til at elevane no kan ta eit meir kunnskapsbasert val av høgare utdanning og inspirere dei til å gå vidare med språkfag også i framtida.