Hjem

Institutt for fremmedspråk

karriere

Med språk i bagasjen

– Eg trur alle arbeidsgjevarar skjønar at dei som har studert språk er hardtarbeidande, sjølvstendige, modige og tolmodige.

Bilde av reisekuffert
Med russisk i bagasjen: Slik ser kofferten min ut kvar gong eg har vore på tur, seier Hanne Marie Molde med eit smil.
Foto:
Illustrasjon: Hanne Marie Molde

– Reis på utveksling, få deg sommarjobb på Fløibanen, jobb som frivillig på Festspillene eller i flyktningguiden. Nytt alle høve til å bruke språket. Grip dei sjansane du får. Ta initiativ!

Dei gode råda haglar på framandspråkstudentane sin karrieredag. Tidlegare studentar, eller alumnar, er tilbake på universitetet for å snakke om kva erfaringar dei har gjort seg, og kva nytte dei har hatt av språkutdanninga i arbeidslivet.

Spanande jobbar og mange moglegheiter. Det er fellesnemnaren i historiene som vert servert av prosjektleiaren, tv-tekstaren, journalisten, læraren, rådgjevaren i NAV, studieleiaren, konsulenten, omsetjaren og stipendiaten.

– Lær språket så godt du kan. Ja, det kan vere tøft og slitsamt, men er verdt innsatsen. Og bu i landet der dei snakkar språket du studerer, det er viktig for å lære kulturelle kodar, tilrår Hanne Marie Molde, som har studert russisk.

– Eg trur alle arbeidsgjevarar skjønar at dei som har studert språk er hardtarbeidande, sjølvstendige, modige og tolmodige, seier ho.

Relasjonsbygging på russisk

Den første NRK-jobben Hanne Marie søkte på fekk ho diverre ikkje.

– Vil du ha jobb i NRK bør du studere russisk eller fransk. Vi treng folk med gode språkkunnskapar, var beskjeden ho fekk.

Hanne Marie valde russisk og vart skikkeleg hekta.

– I periodar får ein ikkje nok, og vil helst lære alt på ein gong. Andre gongar hatar ein alle unntaka i det russiske språket.

Valet av studium har gjeve henne mange opplevingar og moglegheiter, som ho har gripe med begge hender. Under studiet hadde ho to studieopphald i St. Petersburg, og med bachelorgraden i lomma fekk ho praktikantplass på ambassaden i Moskva. Ho fekk mange gode kontaktar, og lærte mykje om norsk-russiske relasjonar. Etter kvart vart Hanne Marie hanka inn i styret i Bergen journalistlag.

– Dei hadde akkurat starta eit samarbeid med journalistlaget i St. Petersburg og trengte nokon som kunne språket. Det har ført meg på fleire studieturar til Russland og Litauen. Og så tok eg imot russiske journalistar som kom til Nordiske mediedager, møtte russiske kollegaer i St. Petersburg, og blei til og med sendt til Litauen gjennom Helsingforskomiteen for å halde foredrag om journalistikk i Norge for kviterussiske journalistar, fortel ho.

No har ho dessutan fått fast jobb i NRK si dokumentar- og underhaldningsavdeling.

Ikkje ein jobb for alle

– Det er mange som trur dei er kvalifiserte til å gjere jobben min, då dei synest dei er gode i engelsk, gliser Børge Johnsen, omsetjar i TV2.

Han driv med teksting og omsetjing av filmar og seriar, av nyhende og sport, og skriv manus til dubbing av teiknefilmar. Mellom anna. Spekteret er breitt og dei språklege nivåa er mange – tekstane må tilpassast både 14-åringar og gamle tante Magda. Tekstformatet på skjermen har sine klare avgrensingar, og ein må ty til både komprimering og spissformuleringar. Og ein må jobbe kjapt.

– Kompetansen som vert krevd for å gjere jobben får ein berre gjennom ei spesialisert språkutdanning, understrek Johnsen, som sjølv har hovudfag i engelsk. (Merk: hovudfag tilsvarar dagens master).

– I tillegg til den språklege kompetansen, får ein grunnlag for å setje seg raskt inn i nytt stoff, ein vert kvalifisert til å sjå at ein har med metafor eller litterære referansar å gjere, og ein vert utrusta til å gjere grundig research innanfor mange ulike felt.

Vegen blir til medan ein går

– Som utvekslingsstudent i Tyskland lærte eg fire viktige ting. Lese, skrive, lytte, snakke. Ein er prisgitt den kunnskapen ein har med seg, og møter både motgang og utfordringar. Slik lærer ein også å handtere ulike situasjonar, ofte med ei bratt læringskurve.

Espen Ingebrigtsen er no doktorgradsstipendiat i tysk litteratur, og har samla på erfaringar gjennom heile studietida.

– Noko av det viktigaste som språkstudent er å skaffe seg så mange erfaringar som mogleg. Det finst alle slags språkoppdrag der ute. Alt du gjer kan hjelpe deg med å få jobb seinare, seier han.

Som frivillig for Festspillene var Espen kontaktperson for tyskspråklege artistar. Han har også hatt verv i studentmedia og jobba i tidsskrift, og han har arbeidd som lærar og omsetjar. 

– Om ein vil jobbe som omsetjar kan det vere lurt å ta små oppdrag undervegs i studia. Då skaffar ein seg erfaring og nettverk og syner interesse for feltet. Det eine fører oftast til det andre, og snart får ein tilbod om å gjere andre ting i tillegg, seier han.

Gode råd er billige

– Det aller viktigaste er å studere noko ein synest er gøy, då får ein større glede av å lære nye ting.

Det er Julie Tønsaker Watkins som seier dette. Ho har vore oppteken av fransk språk sidan ho var lita og har mange år med franskstudiar bak seg. Ho er no tilsett som studieleiar ved universitetet men har også arbeidd som studierettleiar i fleire år, og veit kva ho snakkar om.

– Hugs at når ein tek ei utdanning handlar det ikkje berre om faget ein studerer, ein lærer metodar, og ein vert klokare. Utdanninga kan brukast i alle moglege jobbar, ikkje berre der du får bruk for dei konkrete språkkunnskapane.

– Det luraste eg sjølv gjorde som student var å reise på utveksling og studere ved eit universitet i Frankrike. Tilbodet om utveksling er ei gåvepakke til alle studentar. Det er mitt beste råd, særleg til språkstudentar, seier ho.