Hjem

Institutt for fremmedspråk

Arbeidstid, registering og overtid

 

Universitetet sentralt har sendt ut ei orientering om retningslinene som gjeld for registrering av arbeidstid og bruk av overtid for tilsette ved UiB. Brevet frå UiB og dei aktuelle retningslinene ligg i ePhorte på saksnummer 11/4819.

Nedanfor følgjer nokre hovudpunkt til orientering. Dei som ønskjer meir inngåande kunnskap, må lesa dei vedlagde retningslinene. Ta kontakt med administrasjonen for  å få  utskrift av retningslinene.

(1) STILLINGSTYPAR
IF har tre hovudkategoriar av stillingar:

A)Tilsette med variabel dagleg arbeidstid (fleksitid). Dette gjeld for administrasjonen.

B)Tilsette i særleg ubunden stilling ("særlig uavhengig stilling"). Dei aller fleste vitskapleg tilsette ved UiB høyrer til i denne gruppa. Kjenneteiknet ved kategorien er at den enkelte i stor grad "prioriterer sine oppgaver, når arbeidet skal utføres og hvordan arbeidet skal utføres". Etter UiB si oppfatning er følgjande stillingskategoriar normalt særleg ubundne: professorar, førsteamanuensar, postdoktorar og stipendiatar.

C)Stillingar som må vurderast individuelt. Dette er stillingstypar som kjem i ein mellomposisjon, og her seier regelverket at desse skal vurderast individuelt: "Om den enkelte arbeidstaker i disse stillingene faller inn under det rettslige begrepet særlig uahvhengig må vurderes av leder ut frå de konkrete individuelle omstendigheter". Denne mellomgruppa er hjå oss førstelektorar, universitetslektorar, vitskaplege assistentar og tilsette i kategorien "forskar". Inntil vidare vurderer instituttet desse som særleg ubundne på linje med gruppa under B over. Dersom nokon ønskjer ei vurdering av dette for si eiga stilling, bed vi om at dei tek kontakt med administrasjonssjef eller instituttleiar. 

(2) REGISTRERING AV ARBEIDSTID
A) Tilsette med fleksitid (administrasjonen) registrerer dagleg arbeidstid i eit eige skjema.

B) Tilsette i særleg ubundne stillingar (vitskapleg tilsette) treng ikkje registrera arbeidstid.

C) Stillingar som kjem i ein mellomposisjon, skal registrera arbeidstid dersom dei ikkje blir vurderte som særleg ubundne.

(3) OVERTID
Overtid skal alltid vera eksplisitt pålagt av instituttleiar eller administrasjonssjef, og kan berre påleggjast ved ekstraordinære behov. I tillegg gjeld det detaljerte reglar for kor mange timar overtid ein kan arbeida (jf retningslinene).

Arbeidstakarar i særleg ubundne stillingar har som hovudregel ikkje rett til overtidsgodtgjersle (jf retningslinene del II, pkt 2 for meir utfyllande informasjon).

(4) HONORAR FOR ARBEID UTOVER FULL STILLING
Dette er noko anna enn overtid. Det viktigaste skiljet er at overtid er knytt opp til ekstraordinære behov og honorert etter eigne og høgare satsar.

Vi har ikkje lov til å utbetala ekstrahonorar til tilsette i full stilling for oppgåver som ikkje kan reknast som overtid. Dette gjeld for tilsette både i administrative og vitskaplege stillingar. Nærare informasjon om dette er sendt ut til alle ved Institutt for framandspråk 17. mars 2011 ("Honorar i tillegg til full stilling").

(5) TIDSROM FOR UNDERVISNING
Den arbeidstida som vert styrt av andre enn arbeidstakaren sjølv, t.d. undervisningstider, skal i den grad det er mogleg leggjast innanfor tidsrommet mellom 7.00 og 17.00 måndag til fredag. Når oppgåver er lagt utanfor dette tidsrommet, slik det t.d. er tilfelle med mykje av vidareutdanninga, har undervisaren rett til eit mindre tillegg pr time. Administrasjonen følgjer opp dette for vidareutdanninga. Andre som meiner dei har krav på dette tillegget, må kontakta Victoria.  

Vidare spørsmål kan rettast til administrasjonskonsulent Victoria Jensen eller administrasjonssjef Arve Kjell Uthaug, eventuelt også til personal- og organisasjonsavdelinga ved UiB.