Hjem
Institutt for fremmedspråk

Assistentar i utlandet - avtale, honorar og skattekort

Når det skal betalast ut honorar til assistentar i utlandet, må prosjektleiar gjera følgjande:

  1. Kontakt administrasjonskonsulent Victoria Jensen og be om at det blir laga arbeidsavtale for assistenten. Jensen sender fakultetet skjema om tilsetjing av assistenten, og sjølve avtalen blir deretter laga av fakultetet. Instituttet bed samstundes fakultetet søkja om skattekort. Prosjektleiar må gje følgjande opplysningar til Jensen: namn, adresse, SWIFT og IBAN for assistenten.
  2. Send inn timeliste til instituttet ved Jensen når arbeidet er utført for utbetaling av honorar.

Merk at: oppdragstakarar med oppdrag som varer i meir enn 3 døgn, må møta opp hos Skatteetaten og sjølve søkja om skattekort.  For utanlandske oppdragstakarar som utfører arbeidet utanfor Noreg er det Victoria Jensen som søkjer om skattekort.