Hjem

Institutt for fremmedspråk

Avgang ved fylte 70 år (vitskapleg tilsette)

 

Vanleg pensjonsalder er 67 år, og øvre aldersgrense er sytti år. For arbeidstakarar som vel å bli i stillinga til dei fyller sytti, har instituttet følgjande praksis:

(1) Tilsette sluttar i stillinga månaden etter at vedkomande har fylt sytti år. Det vert normalt ikkje gjort unntak frå denne regelen, men det kan gjerast unntak i særskilte tilfelle der instituttet og medarbeidaren blir samde om å forlenga engasjementet ut semesteret for å dekka eit prekært undervisningsbehov.

(2) Den tilsette disponerer kontoret ut det semesteret vedkomande sluttar i stillinga. Dei som ønskjer arbeidsplass ved universitetet etter dette, kan søkja om arbeidsplass saman med andre pensjonistar i Joachim Frieles gate (sjå husregelen om Emeriti, arbeidsplass).