Hjem
Institutt for fremmedspråk

Disputas - økonomisk støtte, tilreisande kommisjonsmedlemar, lunsj og middag

Hovedinnhold


Økonomisk støtte til doktoranden

Instituttet kan gje følgjande støtte til utgifter doktoranden har i samband med disputasen:

Støtte til trykking av inntil 25 eksemplar av avhandlinga (inkludert eksemplara ein pliktar å levera inn). Det er viktig at stipendiaten følgjer gjeldande reglar for opptrykk av avhandlinga.
Inntil 3000 kroner i støtte til doktormiddag eller tilsvarande arrangement i regi av doktoranden. Pengane blir utbetalte når doktoranden har sendt inn personfaktura med kvittering (Sjå husregelen om "Refusjon av utlegg" under "Innkjøp").


Tilreisande kommisjonsmedlemar

Dei tilreisande kommisjonsmedlemane får overnatting i 2 døgn (vanlegvis frå torsdag til laurdag). Viss prøveforelesinga og disputasen må leggjast til andre vekedagar, blir det gitt tilsvarande innlosjeringstid. Om det av særskilde grunnar er naudsynt med 3 overnattingar, må dette takast opp med administrasjonssjefen ved instituttet på førehand.

Spørsmål om dei praktiske sidene  ved prosessen  frå innlevering til disputas kan stillast til Karoline Aksnes

 

Lunsj og middag i samband med disputas

Instituttet dekkjer følgjande måltid i samband med disputasen:

(1) Middag om kvelden etter prøveforelesinga. Her deltek komiteleiar og opponentane.

(2) Lunsj under disputasen, vanlegvis lagt til pausen mellom innlegga til første- og andreopponenten. Under denne lunsjen deltek kandidaten (ev. med 1-2 familiemedlemar), rettleiar(ane), opponentane, komiteleiar og disputasleiar. Kontakt Anne Hestnes så bestiller ho lunsj frå SiB.