Hjem
Institutt for fremmedspråk

Hovedinnhold

Stipendiatar ved IF får til saman 72 000 kroner i driftsmidlar, og løyvinga vert gitt som 24 000 kroner kvart av dei tre første åra stipendiaten er tilsett.

Desse midlane kan dekka ulike driftsutgifter knytte til arbeidet med avhandlinga. Dei konkrete føremåla kan variera; faglege reiser, konferanseavgift, innkjøp av bøker, innkjøp av ekstra it-utstyr eller programvare, kursavgifter. Vanleg rekvisita blir derimot stilt til disposisjon av instituttet og skal ikkje belastast driftsmidlane til stipendiaten (skriveutstyr, papir, permar, minnepinnar, osb).

Driftsmidlane kan òg brukast til språkvask av avhandlinga dersom stipendiaten ønskjer det, eller til opptrykk av fleire avhandlingseksemplar enn dei 25 instituttet dekkjer. Resterande driftsmidlar kan likevel ikkje brukast til ”doktormiddag” eller tilsvarande markering ved disputas.

Driftsmidlane blir overførte frå år til år. Men når stipendiaten er ferdig, blir midlane trekte inn av fakultetet.

Dei som har spørsmål om bruken av driftsmidlar, kan ta kontakt med administrasjonssjef Arve Kjell Uthaug.