Hjem

Institutt for fremmedspråk

Rekruttering av studentrepresentantar

På slutten av vårsemesteret kontaktar studiekonsulentane studentane på sine fag for å rekruttere studentrepresentantar til programstyra og fagutval for komande studieår.   

Ved starten av kvart haustsemester blir det sendt ut ein e-post til alle studentane med informasjon om verva som studentrepresentant i både instituttrådet, UUI og programstyra. Sekretæren i valstyret og studieleiar har ansvaret for saman å senda ut denne e-posten. Studentane kan foreslå seg sjølv eller andre som representantar. Kandidatar til rådet og UUI skal meldast til sekretæren i valstyret. Kandidatar til programstyra skal sendast til studiekonsulenten for faget på e-post tilstudierettleiar@if.uib.no. Studiekonsulentane legg inn namn og e-postadresser i felles oversikt på fellesområdet.  

Dersom det er for mange representantar som melder seg til programstyret, gjeld «førstemann til mølla-prinsippet». Studentar som melder seg etter at plassane i programstyra er fylt opp, kan setjast opp som vararepresentantar. 

Dersom det ikkje lukkast å få tak i kandidatar på denne måten, må studiekonsulentane og valstyret aktivt rekruttera studentrepresentantar gjennom å møta opp på forelesingar og liknande.

Valstyret følgjer sine ordinære prosedyrar for å peika ut kven som skal vera representantar og kven som blir varafolk, eventuelt også kven som ikkje får plass i rådet/UUI i det heile.