Hjem

Institutt for fremmedspråk

Eksterne sensorar til eksamen

Godkjent av instituttleiar Åse Johnsen 22. april 2016.

1. Eksterne sensorar skal forståast som institusjonseksterne sensorar. Dei skal ikkje vera knytte til Universitetet i Bergen gjennom tilsetjing, heller ikkje i timelærarengasjement eller delstillingar. Svært avgrensa engasjement som t.d. gjesteforelesingar kan likevel kombinerast med rolla som ekstern sensor.

2.  Ein person som blir oppnemnt som ekstern sensor, kan ikkje ha vore tilsett ved UiB dei siste tolv månadene (sjå «Utfyllande reglar for gradsstudium ved Det humanistiske fakultet» om § 7.3.1).

3. Eksterne sensorar skal normalt ha fagleg kompetanse på line med eigne tilsette (førstekompetanse).

4. Instituttet prioriterer å rekruttera eksterne sensorar som er tilsette ved andre universitet og høgskular. Unntaksvis kan det brukast sensorar utan slik tilknyting, og unntaksvis kan det brukast pensjonistar som tidlegare har vore tilsette ved UiB. Brukar ein pensjonistar eller andre som ikkje er tilsette ved universitet og høgskular, må ein gje ei særskilt grunngjeving for dette.

5. Det er ikkje noko krav om at eit fag skal bruka ekstern sensor på alle emne. M.a. kan ordninga med programsensorar kompensera for eksterne eksamenssensorar. Det skal likevel alltid brukast ekstern sensor ved klagesensur, til munnleg eksamen og ved sensur av masteroppgåver. Til andre eksamenar kan det brukast kommisjonar med to interne sensorar.

6. Det er vesentleg å sikra eige nivå gjennom å variera samansetjinga av kommisjonane, og på den måten unngå faste koplingar mellom rettleiar og ekstern sensor.

7. Det er fakultetet som godkjenner oppnemning av sensorar. Internt ved instituttet er gangen slik: Fagkoordinator fremjar etter allmenn diskusjon i fagmiljøet namn på eksterne sensorar. Deretter sender eksamenskonsulenten brev om oppnemning til fakultetet i ePhorte, og studieleiar godkjenner brevet. Skulle det vera tvil ved instituttet om utpeiking av ein sensor, er det instituttleiar som avgjer om framlegget skal sendast vidare til fakultetet eller ikkje.