Hjem
Institutt for fremmedspråk

Ekstra betaling for arbeid med etter- og vidareutdanning

UiB har inngått særavtale "om godtgjøring for arbeid med etter- og videreutdanning ved Universitetet i Bergen". Den nye avtalen gjeld frå og med 24. august 2011.

Hovudprinsippet i avtalen er at arbeidet med etter- og vidareutdanning skal vera del av utdanningstilbodet ved universitetet og ein del av det ordinære arbeidet for den einskilde. Særskilt godtgjering skal berre nyttast i ekstraordinære situasjonar.

Det kan gjerast unntak frå hovudregelen dersom arbeidet med etter- og vidareutdanninga er av særleg omfattande art. I så fall vil det verte lagt vekt på om tenestemannen frå før har ei stor arbeidsbør i den ordinære stillinga, kor omfattande ekstraarbeidet er og om det fører med seg eit stort ansvar.

Interesserte vil finna meir informasjon i særavtalen (ePhorte 11/9907). Spørsmål om eventuell godtgjersle må alltid først leggjast fram for instituttleiar eller administrasjonssjef. Instituttleiar kan koma med framlegg om ekstra betaling, men spørsmålet må avgjerast på fakultets- eller universitetsnivå (alt etter kor stor sum det er tale om).

Det som står ovanfor, gjeld berre for etter- og vidareutdanning, og altså ikkje anna arbeid ved UiB.