Hjem

Institutt for fremmedspråk

Finansieringskjelder - forsking

Bergen universitetsfond

Søknadsfristen til Universitetsfondet er 1.12. Det kan hovudsakleg søkjast om støtte til formidling og publisering av forskingsresultat og til konferansar, seminar og workshops. Søkjaren skal senda inn elektronisk søknad. Instituttleiar skal stå oppført som administrativt ansvarleg, og den som søkjer må levera ein kopi av søknaden til instituttet ved administrasjonssjefen. Større søknader skal alltid drøftast med instituttleiar eller forskingsleiar ved instituttet på førehand, 

 

Instituttstøtte

Instituttrådet vedtok i 2011 å avslutta ordninga med påskjøningsmidlar til rettleiarane av master- og doktorgradsstudentar. Frå og med 2012 var det derfor slutt på tildelinga av slike midlar. I staden blir ein tilsvarande sum sett av til a) støtte til forsking og publisering etter søknad og b) ein fast sum til drifts- og bokmidlar for alle i fast vitskapleg stilling.   
 

  • BOKPENGAR: Kvar fast vitskapleg tilsett får 3000 kroner årleg i individuelle bok- og driftsmidlar. Pengane blir lagde inn på analysenummer til den enkelte og kan brukast til bøker og andre utlegg til forskingsføremål. Ubrukte bokmidlar blir ikkje overførte til neste år. Bøker som skal brukast til undervisninga, blir dekka av fellesmidlane ved instituttet. Slike innkjøp må merkast med "undervisning". Bokkjøp som ikkje er merka med "undervisning", blir i utgangspunktet belasta analysenummeret til den enkelte.
  • FORSKINGS- OG PUBLISERINGSSTØTTE ETTER SØKNAD: P.g.a. den økonomiske situasjonen kan ikkje instituttet gje slike midlar i 2016.
  • PENSJONISTAR: Sidan pensjonistar som framleis er rettleiarar normalt ikkje vil få forskingsstøtte frå instituttet (jf pkt 2 over), har desse fått ei særordning når det gjeld påskjøningsmidlar. Pensjonistane vil framleis få påskjøningsmidlar for studentar og stipendiatar dersom rettleiinga tok til før instituttet vedtok å avvikla påskjøningsmidlane (sommaren 2011). Rettleiingsforhold som har teke til etter dette, vil ikkje gje påskjøningsmidlar.

 

Meltzersøknader

Søknadsfristen til Meltzerfondet er 1.12. Søkjaren skal senda inn elektronisk søknad. Instituttleiar skal stå oppført som administrativt ansvarleg, og den som søkjer, må levera ein kopi av søknaden til instituttet ved administrasjonssjefen. Større søknader skal alltid på førehand drøftast med instituttleiar eller forskingsleiar ved instituttet.

 

Smådriftsmidlar

Støtte gjennom såkalla smådriftsmidlar har dei siste åra vore ei viktig finansieringskjelde for forskingstiltak ved instituttet. Støtta blir gitt av fakultetet. Søknader skal sendast til instituttet ved forskingskonsulent Jan A. Johansen innan fristen (vanlegvis sett til 15. november). Søknaden må innehalda ei grunngjeving og eit enkelt budsjett. Instituttet rangerer søknadene og sender dei vidare til fakultetet, som avgjer den endelege tildelinga.

Kvar søknad kan tildelast mellom 15.000 og 150.000 kroner, og det er gitt støtte til konferansar, forskingsopphald, publikasjonar, vitskapleg assistanse o.a.

Desse midlane kan disponerast til eit vidt spekter av forskingsføremål, og følgjande kriterium gjeld og er felles for heile fakultetet:

 "- Det forutsettes at midlene går til gode enkeltforskere eller forskergrupper som ikke har store driftsmidler allerede

- Størrelsen for hver tildeling settes til mellom 15.000 -150.000 kr

- Bevilgningene skal være ettårige og må benyttes innenfor budsjettåret

- Mottakere av støtte må være aktive forskere i fast vitenskapelig stilling"