Hjem

Institutt for fremmedspråk

Forskingsetikk og mistanke om ureielege metodar i forskinga

Universitetet har eit eige meldeskjema for uetisk framferd i forskinga (forfalsking, fabrikkering, plagiat, urettmessige opplysningar om forfattarskap, urette opplysningar i søknader el.l., andre alvorlege brot på god vitskapleg praksis).

 

Forskingsterminar

Søknader om ordinær forskingstermin for komande år skal leverast på eit eige skjema til Anne Hestnes i ekspedisjonen seinast 1. mai.

Etter seks års teneste vil fast tilsette i vitskapleg stilling normalt ha rett til eitt års forskingstermin, eventuelt eit halvt års forskingstermin etter tre års teneste. Instituttet kan likevel ikkje garantera forskingstermin til alle som har tilstrekkeleg oppteningstid. Som det går fram av UiB-reglementet, skal den tilsette ha hatt normale undervisnings- og administrasjonsplikter, og det skal leggjast fram ein tilfredsstillande plan for forskinga i terminen.

Professorar, førsteamanuensar og amanuensar har rett på forskingstermin. Universitetslektorar har ikkje rett på forskingstermin, men instituttleiar kan i særlege høve gjera unntak frå denne regelen.

Semester med fødselspermisjonar eller kvalifiseringsstipend for kvinner gjev vanleg opptening til forskingstermin. Periodar med langtidssjukmelding gjev normalt ikkje opptening.

Seinast to månader etter at forskingsterminen er avslutta, skal det leverast rapport til instituttet ved forskingskonsulenten.