Hjem

Institutt for fremmedspråk

Instituttstøtte - forskarutdanning

Instituttstøtte til lengre utanlandsopphald og teknisk assistanse

Instituttet kan gje støtte til lengre forskingsopphald i utlandet og til teknisk assistanse i arbeidet med doktoravhandlinga.

Støtta til utanlandsopphald gjeld først og fremst for opphald som strekkjer seg over minst tre månader. Støtta skal dekkja etablerings- og meirutgifter ved forskingsopphald i utlandet og reiseutgifter på rimelegaste vis. For å få støtte frå instituttet, er det eit vilkår at stipendiaten òg har søkt Meltzerstøtte til utanlandsopphaldet. Får stipendiaten støtte frå både instituttet og Meltzerfondet, kortar instituttet ned si støtte tilsvarande summen frå Meltzerfondet.  

Instituttet kan òg gje støtte til stipendiatar som treng omfattande teknisk assistanse o.l. i arbeidet med avhandlinga.

Det vert lagt til grunn at ordinære driftsmidlar blir nytta til kortare reiser, seminar o.a. Dei som får særskilt instituttstøtte til lengre utanlandsopphald og teknisk assistanse må rekna med å supplera med vanlege driftsmidlar. 

Søknadsfristen for støtte i 2019 er 1. desember 2018. Søkjarar skal fylla ut eit eige søknadsskjema og levera det til instituttet ved forskingskonsulent Jan A. Johansen. Desse dokumenta skal leverast saman med søknadsskjemaet:

- invitasjon frå lærestaden eller institusjonen
- attestasjon frå rettleiaren

Dei som har spørsmål om ordninga, kan ta kontakt med Jan Johansen.