Hjem

Institutt for fremmedspråk

Ferieavvikling og avslutning av stipendperiode

Stipendiatar kan etter vanlege reglar ta ut opptent ferie med løn, og eventuelt ferie utan løn, søkja om øverføring av ubrukte feriedagar til neste år, osb. 

Ferieavviklinga i det siste tilsetjingsåret reiser nokre særskilte spørsmål. På den eine sida har stipendiatane ei ganske fri stilling når det gjeld å halda oversyn med og organisera eiga arbeidstid. Samstundes vil mange oppleva at det er vanskeleg å ta ut ferie dei siste månadene av arbeidet med avhandlinga. Dette reiser spørsmålet om når instituttet skal forventa at stipediaten har teke ut opptent ferie, og når stipendiaten kan få utbetalt sluttoppgjer for ferie som ikkje er avvikla. Her følgjer instituttet denne praksisen:

(1) Det er fullt mogleg å ta ut ferie tidleg i året. Instituttet kan likevel ikkje krevja at stipendiatar som sluttar før 30. juni, skal avvikla ferie. Derimot må dei som sluttar etter 31. juli ha avvikla minst tre veker. Dei som sluttar etter 1. oktober, må ha avvikla til saman minst fire veker. Og dei som sluttar etter 16. november, må ha avvikla til saman minst fem veker.

(2) Det er i prinsippet mogleg å søkja om overføring av ikkje-avvikla ferie også til siste tilsetjingsåret. I praksis er dette likevel ikkje så naturleg for stipendiatar, sidan det siste året ofte er ekstra travelt. Skulle nokon likevel ønskja å overføra ferieveker til siste tilsetjingsår, må dei i søknaden om overføring godgjera at dei faktisk kjem til å ta ut den overførte ferien i tillegg til ordinær ferie.

Søknader om overføing av ferie og andre spørsmål om ferie skal sendast til administrasjonskonsulent Victoria Jensen.