Hjem

Institutt for fremmedspråk

Frikjøp frå undervising

Alle frikjøp skal godkjennast av instituttleiar og budsjetterast i samråd med administrasjonen ved instituttet.

Budsjetteringa av frikjøp skal normalt følgja satsane nedanfor. Timesatsane som er oppgitt, gjeld for arbeidstimar. Ein dobbelttime forelesingar har faktor 4, og utgjer dermed 8 arbeidstimar (2 timar x faktor 4 = 8).

 

(1) Frikjøp med midlar frå NFR

Dersom løyvinga inkluderer frikjøp av fast tilsette ved instituttet, følgjer vi dei satsane Forskingsrådet (NFR) brukar. Desse satsane skal inkludera både løn med sosiale kostnader og kostnader til infrastruktur/overhead (kontorleige, administrasjon o.a.).

(2) Frikjøp med andre eksterne midlar

Slike midlar kan koma frå ulike finansieringskjelder, slik som eksterne fond og institusjonar, næringslivet mm. Støtte frå Utdanningsdirektoratet høyrer òg inn under denne kategorien.

Frikjøpssatsen skal inkludera både løn med sosiale kostnader og infrastruktur-kostnader (kontorleige, administrasjon o.a.).

Timesatsen som skal brukast:

Vanleg timesats i lønssteget til den som blir frikjøpt

+ 43 prosent sosiale kostnader

+ 250 kroner i infrastruktur-kostnader (sats pr. våren 2016)

Dersom eksterne finansieringskjelder har vedtekter eller retningsliner som seier at dei ikkje dekkjer kostnader til infrastruktur/overhead, må det avklarast med instituttleiinga om det er aktuelt med frikjøp på slike premissar.

(3) Frikjøp med interne midlar

Dette kan vera ordinære UiB-løyvingar, dvs. støtte gitt frå instituttet, fakultetet eller andre avdelingar ved UiB. Støtte gitt frå departementet, frå Noregsuniversitetet, frå UH-nett Vest og SAK-midlar høyrer òg inn under denne kategorien.

Timesatsen som skal brukast:

Vanleg timesats i lønssteget til den som blir frikjøpt

+ 43 prosent sosiale kostnader

Det blir altså ikkje lagt kostnader for infrastruktur/overhead på frikjøp med interne midlar.