Hjem

Institutt for fremmedspråk

Alle som har full stilling ved instituttet, skal vera til stades på instituttet dei vanlege fem arbeidsdagane i veka. Det finst tre unntak:

  • Ved kortare fråvær på inntil nokre få dagar til konferansar o.a. skal det meldast frå til Anne Hestnes i ekspedisjonen (82340).
  • Ved fråvær på over ei veke, skal det søkjast administrasjonssjef Arve Kjell Uthaug på e-post.
  • Heimekontor kan berre tildelast etter søknad til instituttleiar Åse Johnsen. Søknaden skal grunngjevast. Krevjande instituttverv som gjer det ønskjeleg å skjerma ein dag i veka til andre arbeidsoppgåver, kan vera ein grunn til å få heimekontor.

Reglane ovanfor vil bli praktiserte litt annleis når folk har forskingstermin. Her er det tilstrekkeleg å melda frå til Hestnes når ein er borte, og avtala med instituttleiar dersom ein ynskjer å utvida bruk av heimekontor i perioden.

Lege, tannlege og helsestasjon

Ein arbeidstakar har rett på fri med løn til naudsynte besøk hjå lege eller tannlege.  Ein avtalar dette på med overordna på førehand. Det same gjeld dersom ein skal følgja barn til lege, tannlege eller helsestasjon.