Hjem
Institutt for fremmedspråk

Innhold

Ved sjukefråvær skal du snarast råd melda frå til førstekonsulent Anne Hestnes (tlf 82340) eller administrasjonskonsulent Victoria Jensen (tlf 82367). Dette gjeld både legemeldt fråvær og fråvær med eigenmelding. Hugs å opplysa om du har undervisning som må avlysast eller utsetjast. Administrasjonen melder i så fall vidare til fagkoordinator og undervisningskonsulent. Fagkoordinator har ansvaret for å finna vikar der det trengst. Undervisningskonsulenten informerer studentane om timeplanendringar gjennom Mi side, felles-epost til studentane på emnet og eventuelt oppslag på døra inn til undervisningslokalet.

Eigenmeldingar skal leverast i PagaWeb.
Gå til: skjema/oppgaver – nytt skjema – fravær. UiB praktiserer inkluderande arbeidsliv, og alle arbeidstakarar har difor 24 eigenmeldingsdagar innanfor ein 12 månaders periode. 8 dagar kan takast i samanheng, men etter dette krevst det sjukmelding frå lege. Dei som har omsorg for born, har i tillegg 10 dagar per kalenderår eller 15 dagar per kalenderår dersom ein har 3 eller fleire born.

Sjukmelding skal leverast eller sendast instituttet ved Jensen så snart som råd.

Spørsmål om eigenmelding, sjukmelding, Inkluderande Arbeidsliv (IA), oppfølgingsplanar, fråvær med sjukt barn o.a. kan rettast til Jensen.