Hjem
Institutt for fremmedspråk

Honorar - studentrepresentantar

Hovedinnhold

Administrasjonskonsulenten minner studentane i instituttrådet, UUI og programstyra om å senda inn liste over møtedeltaking på slutten av kvart semester.  Timebetalinga legg til grunn stillingskode 1065 - konsulent (utan ansiennitet).

Studentar som deltek i prøveforelesingskomitear i tilsetjingssaker, får same lønssteg som representantane i råd og styre. For kvar prøveforelesing vert det gitt éin time, i tillegg vert det betalt éin time for komitéarbeidet i etterkant av sjølve forelesingane. Dersom det er tre prøveforelesingar til ei stilling, vil det altså bli betalt for fire arbeidstimar.

Administrasjonskonsulenten følgjer opp utbetalinga av honorar til studentrepresentantar ved instituttet.

Studentar som ønskjer stadfesting av vervet dei har hatt, kan kontakta administrasjonskonsulenten for å få dette. Stadfestinga bør innehalda opplysningar om kva for organ studenten har vore med i, hovudoppgåvene til dette organet og kva periode studenten har møtt som representant.