Hjem
Institutt for fremmedspråk

Hovedinnhold

Innkjøp av datamaskiner

Kontakt førstekonsulent Anne Hestnes om innkjøp av datautstyr. Instituttet har følgjande praksis når det gjeld datamaskiner til fast tilsette:

 

1) Alle innkjøp av datautstyr skal gå gjennom instituttet ved Anne Hestnes.

 

2) Det blir kjøpt inn ny datamaskin til nytilsette.

 

3) Når gammalt datautstyr er øydelagt, skaffar instituttet nytt. Den som bruker utstyret må først kontakta it-avdelinga for å få ei vurdering av om utstyret kan reparerast, oppgraderast el.l. Dersom it-avdelinga konkluderer med at utstyret bør skiftast ut, tek brukaren kontakt med Hestnes som hjelper med å skaffa nytt.

 

4) Den tilsette kan velja anten PC eller Mac. Instituttet har eit utval av standardtypar PC-ar og Mac-maskiner, og den tilsette veljer ein av desse typane. Dersom nokon har heilt særskilte behov for andre maskiner, må dei senda ein grunngjeven søknad om dette. Instituttet rår  til å velja ein modell med overføringslist (dokkingstasjon). Dette er ein rimeleg måte å skaffa både stasjonær og berbar maskin, i tillegg til at det sikrar stabil og automatisert overføring av data mellom berbar maskin og UiB-sørvar.

 

5) Det blir kjøpt inn datamaskin (PC eller Mac) til nye stipendiatar ved starten av tilsetjingsperioden. Her òg rår vi til å velja ein berbar med overføringslist (sjå pkt 3). Dersom stipendiaten har behov for ekstrautstyr som nettbrett, stasjonær mac el.a., må dette dekkast av driftsmidlane. Stipendiaten kan kjøpa ut og overta maskina når ho eller han er ferdig, og meir informasjon om dette ligg her.