Hjem

Institutt for fremmedspråk

Mobiltelefon finansiert av arbeidsgjevar

Det er vanlegvis berre instituttleiar som har mobiltelefon finansiert av arbeidsgjevar. Berre i heilt særskilte tilfelle er det aktuelt å innvilga ei slik ordning for andre. Leiarar av større internasjonale prosjekt kan søkja om mobiltelefon dersom det er behov for omfattande telefonbruk utanom vanleg arbeidstid. For at søknaden skal bli vurdert, må sentrale samarbeidspartnerar i prosjektet vera i tidssoner langt unna oss, dvs i Amerika, Oseania eller Asia.

Søknader om mobiltelefon skal sendast til administrasjonssjef Arve Kjell Uthaug, og gokjennast av styrar/kontorsjef før søknaden vert sendt vidare og avgjort av fakultetet. Meir informasjon og retningsliner om mobiltelefon finansiert av arbeidsgjevar ligg her.