Mellom taushet og støy – musikk, musikkterapi og det psykososiale miljø på sykehjem
Hovedinnhold
Prosjektet vil utforska sentrale problemstillingar knytt til eldre sin kvardag og livskvalitet på sjukeheim. Tematikken er tverrfagleg og oppstår i spenningsfeltet mellom helsefag, humaniora og samfunnsvitskap. Det planlagde hovudprosjektet har som hovudmålsetjing å utvikla ny og naudsynt kunnskap om musikk som aktivitet, kultur- og miljøtiltak ved sjukeheimar, med vekt på integrasjon av eit helsefagleg og eit musikkfagleg perspektiv.
Dei får tildelt insentivmidlar frå UH-nett Vest til utvikling av pilot for prosjektet. Tildelte midlar vil bli brukt til faglege nettverkssamlingar og frikjøp av forskartid til pilotundersøkingar som kan leggja grunnlaget for endeleg utforming av prosjektskisse og søknad til Norges Forskningsråd eller andre aktuelle finansieringsinstansar.
Pilotprosjektet er tenkt gjennomført i 2009, med hovudvekt på vårsemesteret.
Prosjektmedarbeider:
- Solveig Hauge, prosjektleder, Universitetet i Oslo og Høgskulen i Sogn og Fjordane.
- Frode F. Jacobsen Senter for omsorgsforskning Vest, Høgskulen i Bergen.
- Brynjulf Stige, GAMUT, Uni Resdearch Helse og Universitetet i Bergen.