Hjem
Institutt for geografi

Transportplanleggar i Jernbaneverket

Torill Klinker fullførte hovudfag i geografi i 1998 og arbeider i dag som transportplanleggar i Jernbaneverket.

Hovedinnhold

Eg jobbar mest med byproblematikk og byutvikling, og sit tett på arbeidet med Bymiljøavtalar (BMA) i Bergen, Stavanger og Kristiansand.

Kvifor studere geografi?

Det var nok ein blanding av tilfeldigheitar og ei interesse for kart, landskap og samfunnsutvikling generelt. Dessutan hadde eg fleire vener som anbefalte faget.

Dei beste minna frå studietida

Det må nok vera grunnfagsåret i Dublin og alle dei gode diskusjonane på pauserommet i Merinobygget.

Hovudfagsoppgåva

Eg studerte risikopersepsjon og skilnad mellom statistisk og opplevd risiko for snøskred. Tittelen var "Ras, risiko og rasjonalitet - ein studie av eit skredtruga samfunn på Vestlandet".

Eg intervjua samtlege innbyggarar i Oldedalen :)

Jobben i Jernbaneverket

I dag arbeider eg som transportplanleggar i Jernbaneverket. Eg jobbar mest med byproblematikk og byutvikling, og sit tett på arbeidet med Bymiljøavtalar (BMA) i Bergen, Stavanger og Kristiansand. Det handlar om samordna areal- og transportplanlegging, gode knutepunkt, færre bilreiser, attraktive byar mm.

I tillegg er eg prosjektleiar i nokre mindre jernbaneprosjekt, og utgreier mellom anna behov for nye lokaltogsruter, innfartsparkering mm.

Ansvarsområdet er Bergensbana og Sørlandsbana.

Geografi og arbeidsrelevans

Den første jobben eg fekk var direkte knytt til hovudfagsoppgåva, så slik sett har utdanninga vore svært relevant i samband med å koma seg inn på arbeidsmarknaden. I dag er nok oppgåvene knytt mest til den erfaring og kompetanse eg har opparbeida meg gjennom alle åra i arbeidslivet, men utdanninga har nok heilt sikkert lagt grunnlaget for analytiske evner, prosjektleiarkompetanse osv.