Utveksling for geografistudentar
Fristen for å søke utveksling med utreise hausten 2017 er 1. februar. I høve fristen inviterer vi til informasjonsmøte om utveksling for geografistudentar.

Hovedinnhold
Dette studieåret er geografistudentar på utveksling til Ecuador, Australia, Island, Wales, Fiji, England, Spania, Hong Kong, Tyskland og Sverige. Kvar reiser geografistudentane neste år?
UiB har utvekslingsavtalar med rundt 450 anerkjente universitet verda over. Som UiB-student på eit bachelor- eller masterprogram kan du reise ut på ein av avtalane fakultetet/instituttet ditt har eller på ein av UiB sine sentrale avtalar.
Studenterfaringar
Vi har invitert nokre studentar med erfaring frå utveksling til å dele sine opplevingar til inspirasjon for andre.
- University of Cape Town: Anna Dybwad Alstad var på utveksling til dette universitetet i Sør-Afrika studieåret 2015/16.
University of Malaya: Tov Anderson Røyneland var på utveksling til dette universitetet i Malaysia hausten 2015.
Utvekslingsavtalar, søknadsprosess og godkjenningar
Etter inspirasjon frå studentar som har vore og er på utveksling, går vi gjennom kva avtalar du kan søke på, korleis finne fram, korleis søknadsprosessen er og kva du må gjere for å få utvekslingsopphaldet godkjent.
Vel møtt til inspirasjon og informasjon!